NRK Meny

Bil i fjellveggen på Osterøy

  • Til sjukehus med luftambulanse

    Det var ein 20 år gammal mann som var involvert i trafikkulukka på Osterøy. Mannen var medviten då brannvesenet kom til staden få minuttar etter ulukka, men skal ha gått inn og ut av medviten tilstand, ifølge politiet. Difor blei han også flytta frå ambulanse til luftambulanse og flydd til akuttmottaket ved Haukeland Universitetssjukehus.

  • – Mistanke om høg fart

    Politiet trur bilen som hamna i ein fjellvegg på Osterøy i dag, hadde stor fart før ulukka. Innsatsleiar John-Endre Skeie, seier til Bygdanytt at bilen har kjørt inn i ein mur to gongar før den stoppa i fjellet. – Vi mistenkjer høg fart. Det skal gjerast undersøkingar på staden for å finna ut meir, sier Skeie.

  • Sat fastklemd etter ulukke

    Ein person sat fastklemt, og var medvitslaus etter at bilen han køyrde hamna i ein fjellvegg i Lonevåg på Osterøy. Brannvesenet fekk raskt frigjort føraren, som blir tatt hand om av ambulansepersonell. Luftambulansen er også sendt til staden. –Skadeomfanget er førebels ukjend, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest Politidistrikt. Ulukka skjedde på fylkesveg 368 mellom Lonevåg sentrum og Hatland.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.