NRK Meny
Normal

Bil i fjellveggen i Selviktunnelen

Ein bil køyrde i fjellveggen i Selviktunnelen på E39. Førar av bilen vart sendt til legevakta.

Laster kart, vennligst vent...

SELVIKTUNNELEN: Ein bil har køyrt i fjellveggen inne i Selviktunnelen på E 16/E39 Åsanevegen.

Ulukka skjedde på Åsaneveien i Selviktunnelen, retning Bergen sentrum.

– Det er ikkje meldt om alvorleg personskadar, men førar av bilen er sendt til legevakta, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes.

Alle naudetatar er no på staden, og NAF er på veg.

Ingen alvorlege personskadar

Det skal vere store skader på bilen, men ingen andre enn den 31 år gamle mannen som køyrde bilen, er komme til skade i ulukka.

– Me har ikkje mistanke om promillekøyring, men føraren av bilen hadde ikkje gyldig førarkort, seier Eidsnes.

Glaskartunnelen på strekninga Vågsbotn - Nygårdstangen var ein periode stengt på grunn av ulukka, men er no open for traikk.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen
Flere hundre tok turen til Torgallmenningen for å smake mat som var gått ut på dato.
Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane fredag 18. august 2017.