Hopp til innhold

Fullt kaos i morgonrushet i Bergen

Det blei lange køar og forseinkingar i bergenstrafikken etter at Fløyfjellstunnelen og deler av bybanesporet blei stengde.

Bil i fjellveggen i Fløyfjellstunnelen

STENGT: Fløyfjellstunnelen var lenge stengt etter ei trafikkulukke i retning sentrum. Ei kvinne er sendt til legevakta.

Foto: 03030-tipsar

Fleire trafikkuhell i morgontimane har skapt trøbbel for bilistar og kollektivreisande.

Fløyfjellstunnelen var lenge stengt etter at ein bil køyrde i fjellveggen inne i tunnelen i retning sentrum. Ein kvinne er sendt til legevakta med lettare skader.

– Ho skal ikkje vere skadd, men er i sjokk, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes i Hordaland politidistrikt.

Fløyfjellstunnelen er no opna for trafikk. Også bybanetrafikken skal gå som normalt, melder Skyss.

Store problem i trafikken torsdagsmorgon

Det er lange køar inn mot Bergen sentrum. Dette vil halde fram ei god stund, ifølgje politiet.

Fløyfjellstunnelen

FLØYFJELLSTUNNELEN: Fløyfjellstunnelen i Bergen blei stengt i begge felt etter ei ulukke i morgontimane.

Foto: 03030-tipsar

– Det blir ein del lengre reisetid i dag frå nord og inn til byen, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

Tunnelen blei fyrst opna i eit felt, medan Statens vegvesen var inne for å sjå på skadane i tunnelen etter ulukka.

Fløyfjellstunnelen er no opna for trafikk, melder Vegtrafikksentralen.

Buss i bybanesporet

Det har også vore problem med bybanetrafikken og forseinkingar.

– Ein buss har havarert i Kaigaten, og sperrar bybanesporet. Vognene må difor snu ved Nygård. Mellom Nygård og Lagunen går trafikken som normalt, seier Gert Gjessing, trafikkleiar for bybanen.

Falck har no fjerna bussen. To vogner er framleis forsinka, elles går banen som normalt.

I tillegg fekk politiet melding om at ein bil har mista ein større gjenstand i Lyderhorntunnelen.

– Bilen har truleg mista ein større plasttank, som ligg delvis i vegbana. Vegtrafikksentralen er varsla, og vil fjerne denne, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

Laster Twitter-innhold