NRK Meny
Normal

60-åring livstrugande skadd etter tunnelkrasj

Det var ein 60 år gamal mann som køyrde i fjellveggen i Knappetunnelen i Bergen i natt. Mannen har kritiske skader, opplyser Helse Bergen

Knappetunnelen

STENGT: Knappetunnelen har vore stengd i nordgåande løp, frå Kokstad-sida, i fleire timar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Haukeland universitetssjukehus opplyser tysdag føremiddag at mannen framleis er kritisk skadd.

Naudetatane rykte ut til Knappetunnelen like etter klokka 3 i natt etter meldingar om at ein bil hadde krasja om lag 150 meter inne i tunnelen frå Søreide-sida. Tunnelen var stengd i retning Bergen sentrum i mange timar.

Kritisk skadd

– Det var ein mann i bilen. Mannen vart teken med til Haukeland. Skadeomfanget er ukjend, men mannen vert omtala som kritisk skadd, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Føraren var åleine i bilen. Politiet opplyser at det er store materielle skadar på bilen.

– Truleg høg fart

Til NRK opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen at mannen tysdag morgon vart operert på Haukeland sjukehus.

– Det har vore mykje energi inne i biletet og mannen hadde truleg høg fart. Sidan me ikkje har vitne til ulukka, kjenner me ikkje hendingsgangen. Me håpar vidare etterforsking vil avdekkja det, seier Knappen.

Politiet vil også gjera tekniske undersøkingar av køyretøyet tysdag.

Rundkjøring ved Knappetunnelen

DOLVIKEN: Trafikken flaut fint ved Dolviken, ved nedkøyringa til Knappetunnelen, klokka halv 7. Politiet frykta lange køar før tunnelen opna like over halv 8.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK
Laster Twitter-innhold

Politiet mistenkjer rus

Politiet mistenkjer at sjåføren var alkoholpåverka og har teke blodprøvar.

– Me har fått indikasjonar på staden som gjer at me mistenkjer at det er alkoholpåverknad under køyring. Meir kan eg ikkje seia, sa Kolltveit til NRK tysdag morgon.

Laster kart, vennligst vent...

KOLLISJON: Ein bil køyrde i fjellveggen inne i Knappetunnelen like over klokka 3 i natt. Tunnelen opna for trafikk like over halv 8.

Tunnelen var stengd i nærare fire timar før han opna like over halv 8.

– Statens vegvesen si ulukkesgruppe føretok nokre siste målingar i tunnelen, opplyser trafikkoperatør Jan Marøy.

Stengd i morgonrushet

Ulukkeskommisjonen var tidleg på staden for å føreta undersøkingar.

– Tunnelen vil truleg vera stengd i halvannan time framover, sa Kolltveit til NRK kvart over 5.

Klokka 7.30 vart tunnelen opna for trafikk i begge retningar.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik