NRK Meny
Normal

Jente (10) til legevakt etter ulukke

Ein bil med tre personar køyrde i fjellveggen i Nygårdstunnelen i Bergen.

Trafikkulukke i Nygårdstunnelen i Bergen oktober 2015

I FJELLVEGGEN: Det var tre personar i bilen som gjekk i fjellveggen i Nygårdstunnelen i Bergen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Meldinga om trafikkulukka kom inn like før klokka 12.00.

Ein bil skal ha hamna i fjellveggen i Nygårdstunnelen i retning sentrum i Bergen. Bilen skal deretter ha gått rundt og står no på skrå i vegbana.

– Det var tre personar inne i bilen. Alle er vakne og medvitne. Vi er på staden, seier operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK.

Tunnelen opna

Av passasjerane i bilen var ein av dei eitt barn. Jenta på ti år blir frakta til legevakt for ein sjekk, opplyser politiet.

Tunnelen var stengt i retning sentrum på grunn av uhellet. Dei som skulle til sentrum måtte difor køyra om Nøstet eller køyre via Danmarksplass.

Klokka 13.00 er tunnelen opna for normal trafikk igjen.

Saka blir oppdatert!

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo