Hopp til innhold

Bil i fjellveggen – E16 er stengd

Ein bil har køyrt inn i fjellveggen inne i Kjenestunnelen på E16, melder politiet. Ein annan bil skal deretter ha køyrt inn i den første bilen. Ingen er fastklemt, men det er uvisst kor mange personar som er involverte. Ein eller fleire personar melder om smerte i hovud eller nakke.