Hopp til innhold

Bil hamna i elv – tre til legevakt

Tre personar er køyrd til legevakt etter at ein bil køyrde i ei elv i Nordhordland.

Bil i elv Radøy

Det var fire personar i bilen då den køyrde av vegen like ved Kvalheimsvatnet nord for Manger i Radøy.

Tre av passasjerane er køyrt til legevakt. Vitne på staden skal ha hjelpt dei forulukka ut av bilen.

– Dei tre passasjerane er ikkje meldt skadd, men er tekne til legevakt for sjekk, opplyser operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Fleire spørsmål står utan svar

Meldinga gjekk ut på at det stor ein bil nedi ei elv like ved Kvalheimsvatnet nord for Manger i Radøy.

Politiet veit ikkje kva som er grunnen til at bilen køyrde av vegen.

– Bilen skal dragast opp på landet slik at me får sett nærare på skadane og forhåpentlegvis få ei meir utfyllande forklaring på kva som har skjedd.

Det er ikkje gjort førarkortbeslag på noverande tidspunkt.

– Så langt har me ikkje grunn til å tru at noko straffbart har skjedd. Me ventar på ein prat med sjåføren.

Fann ikkje passasjerane

Vaktkommandør i 110-sentralen i Hordaland, Håkon Myking, sa til NRK klokka 15.55 at det då var uvisst kor mange personar som sat i bilen.

– Dei har i alle fall komne seg ut, og er antakelegvis på si heimeadresse. Helsepersonale har fått kontakt med dei, men eg kjenner ikkje til skadeomfanget.

Meldinga gjekk ut på at det stor ein bil nedi ei elv like ved Kvalheimsvatnet nord for Manger i Radøy.