Hopp til innhold

Bil fall fem meter og landa opp ned i bekk

Føraren kom frå ulukka med lettare skadar. – Han har hatt flaks, seier politiet.

Ulukke i Strusshamnvegen på Askøy

Politiet fekk melding om ulukka frå AMK 00.46 i natt. Føraren hadde køyrte utfor ein skrent, og falle heile fem meter ned i eit juv i ein bekk.

Bilen landa opp ned, men føraren i midten av 20-åra var medviten og klarte å kome seg ut av bilen.

Føraren prega av ulukka

Vedkomande var aleine i bilen, og blei frakta til Haukeland universitetssjukehus. Han er lettare skadd etter ulukka.

– Han virka litt fortumla og sløv då politiet kom til stadeden, litt sånn i sjokk. Men han gjekk for eiga maskin og var oppegåande, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit til NRK.

Årsaka ukjent

Kvar som er årsaka til ulukka er framleis ukjent, men det var meldt om glatt føre på staden.

– Vi har oppretta sak, og føraren vil blir avhøyrt. Så vil vi sjå om dei opplysningane han kjem med stemmer med undersøkingane vi har gjort på staden, fortel Kolltveit.

Føraren har tatt ei blåseprøve, og det er inga mistanke om køyring i rusa tilstand.