Hopp til innhold

Bil delt i to etter kraftig kollisjon

To personar blei frakta til Haukeland universitetssjukehus, etter at bilen dei sat i blei delt i to då dei køyrte utfor vegen.

To personar er sendt til Haukelands universitetssjukehus med alvorlege skader.

ALVORLEG: Politiet kontakta raskt luftambulanse då dei såg dei store skadene på bilen.

– Vi er vande med store materielle skader, men dette er ekstremt. Eg kan love deg at det er sjeldan vi opplever at bilar er fysisk delt i to, fortel operasjonsleiar Morten Kronen.

Det var eit dramatisk syn som møtte politi, ambulanse og brannvesen i Meland i Hordaland i natt.

Ein personbil var delt i to etter å ha kollidert og køyrt av vegen mellom Litlebergen og avkøyrsla til Midtsundet i Ådlandsvegen.

Det var to passasjerar ombord. Dei er begge alvorleg skadd.

– Det var så store skader både på passasjerane og bilen at vi raskt tilkalla luftambulanse, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatiana Knappen.

Ulykke Meland

DELT I TO: Begge passasjerane er alvorleg skadde etter ulukka, men skal vere stabile.

Foto: Morten Sæle / Avisa Nordhordland

Begge er stabile

Det var rundt 22.45 i går kveld at politiet fekk melding om ulukka. Det var ein bil involvert. Passasjerane var to menn på 33 og 25 år.

– Det var store materielle skader, og alle naudetatane rykka ut, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatiana Knappen.

Med tanke på dei voldsomme skadene på bilen, har dei to mennene vore heldige som har kome unna med livet.

Haukeland sjukehus har meldt til i frå til oss at begge er stabile, seier Knappen.

Dei var begge medvitne då naudetatane kom til staden.

– Vi kan førebels ikkje seie akkurat kva som var årsaka, men det er ikkje tvil om at det har vore mykje energi og stor fart involvert, seier Knappen.

Vegen opna for trafikk

Ulukkesgruppa har vore på staden i natt og gjort undersøkingar, og politiet vil kome med sin rapport.

Vegen var stengt i fleire timar i natt, men er no opna for trafikk igjen.

– Eg kan førebels ikkje seie noko om korvidt det er mistanke om at føraren var rusa, seier Knappne.

Ulykke Meland

VRAK: – Det er svært sjeldan vi opplever at bilar der delt i to etter ulukker, fortel Morten Kronen i politiet.

Foto: Morten Sæle / Avisa Nordhordland