Hopp til innhold

Biff-film får krass kritikk: – Utnyttar sårbare flyktningar

BERGEN (NRK): Film om flyktningar er eit sosialt eksperiment, meiner rådgjevar i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Stranger in paradise

VERKELEGHEIT OG FIKSJON: I filmen «Stranger in paradise» møter reelle flyktningar i Italia ein skodespelar som gir dei eit brutalt innføringskurs i europeisk innvandringspolitikk.

Foto: Zeppers Film

Tysdag opnar Bergen Internasjonale Filmfestival (Biff) i Bergen. I ei dryg veke skal over 150 dokumentar- og fiksjonsfilmar visast i Bergen. Dette gjer festivalen til den største av sitt slag i Noreg.

Men allereie før festivalen offisielt er opna, får ein av filmane krass kritikk.

«Stranger in paradise», som er delvis dokumentar og delvis fiksjon, viser nykomne flyktningar i Italia som får eit brutalt innføringskurs i europeisk innvandringspolitikk. Filmen er allereie vist for fleire som arbeidar med flyktningar og integrering.

– Sjølv ville eg aldri godteke å vere med på dette, seier Nuray Yildrim Gullestad.

Ho var sjølv flyktning for 20 år sidan og arbeidar no som rågivar i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Sjå traileren til «Stranger in paradise»:

– Problematisk

I filmen møter ekte flyktningar eit filmcrew og ein skodespelar i eit klasserom.

For ei gruppe spelar skodespelaren ein person med ei flyktningfiendtleg innstilling. Ei anna gruppe får ein versjon av skodespelaren som meiner flyktningane har ein rett til å krysse grensene fritt.

– Det er ekte asylsøkarar i ein ekte asylprosess som speler i denne filmen. Dei speler seg sjølv, men er samtidig del av eit regissert stykke, seier Gullestad.

Nuray Yildirim Gullestad

KRITISK: Rådgjevar i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, Nuray Yildirim Gullestad, meiner filmen «Stranger in paradise» utnyttar flyktningar for å få fram ein bodskap.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Ho meiner problemet er at filmen verken er ein dokumentar eller ein fiksjonsfilm, men noko midt imellom. Dette gjer at flyktningane vert utnytta for å få fram ein bodskap, meiner Gullestad.

– Klarar desse sårbare menneska, som akkurat har gjennomført ei flukt, å skilje europeiske myndigheiter frå filmpersonale? Å delta på noko slikt skapar emosjonelle konsekvensar hjå flyktningane.

Forstår kritikken

«Stranger in paradise» er nederlandske Guido Hendrikx sin fyrste heilaftans dokumentarfilm.

– Nokon kallar den eit sosialt eksperiment. Eg er ikkje heilt einig, men kan forstå kritikken, seier Hendrikx då NRK møter han like før filmfestivalen i Bergen startar.

Regissøren innrømmer at han sleit med å få nokre av flyktningane til å forstå at dei berre var med i ein film.

– Sjølv om vi verkeleg prøvde å forklare situasjonen mange gongar, både før og etter innspeling, var det framleis enkelte som var forvirra, seier Hendrikx.

Guido Hendrikx

FORSTÅR: Nederlandske Guido Hendrikx har regissert filmen om flyktningane i Italia. Han kan forstå kritikken, men er ikkje einig i at dette er eit sosialt eksperiment.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Nederlendaren ville lage filmen for å avdekke dei ekstreme synspunkta på begge sider i flyktningdebatten.

– I filmen forsøker eg å vise publikum at dei radikale sidene er veldig absurde, seier Hendrikx.

– Gir falske forhåpningar

Gullestad er likevel kritisk. Ho trur fleire av flyktningane oppfatta filminnspelinga som ei reel moglegheit.

– Eg såg naiviteten hjå nokon av flyktningane i filmen. Dei syng og fortel kva dei er flinke til, og trur det skal hjelpe dei til å få bli. Men eigentleg hjelper det ikkje å vere med på eit slikt prosjekt.