Hopp til innhold

Bidreg med 2 500 000 kroner i året

Bømlobedrift bidreg med 2,5 millionar til Trekansambandet årleg. Likevel er dei positive til bompengar.

Betalar 2,5 millionar i året

2,5 MILLIONAR I ÅRET: Fastlandssambandet har vore gull verdt for Bremnes Seashore. Kalkulatoren viser at eksportbedrifta står for 2,5 millionar av dei årlege bidraga til Trekantsambandet.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

- Det er jo litt av eit tal, utbryt viseadministrerande direktør Bjørn Villy Sæverud i det han får bompengesummen selskapet Bremnes Seashore er ansvarlege for opp på kalkulatoren.

På eit år bidreg selskapet med 2,5 millionar til finansiering av Trekantsambandet som stod ferdig for ti år sidan.

Video Betalar 2,5 millionar i året

Bømlo-bedrifta bidreg med 2,5 millionar i året.

Lakseprodusenten på Bømlo har hausta internasjonal merksemd for merkevara si Salma laks. Stor eksport med vogntog, betyr òg høge bompengerekningar.

- Når me ser kva me har igjen for det, samanlikna med den situasjonen me hadde med ferje, er det verdt prisen, seier Sæverud.

Med i reknestykket til Sæverud er elleve daglege vogntog fullasta med laks, vareleveringar til bedrifta, kundebesøk, reiser til opdrettsanlegga i Hordaland og Rogaland, samt tilsette som reiser over Bømlabrua for å komma seg på jobb.

- Dette er jo ikkje ein sum me betalar direkte, men som kjem som følgje av aktiviteten vår.

Ikkje alle bømlingane delar synet til laksebedrifta:

Delte meiningar om bompengar blant bømlingane.

Delte meiningar om bompengar blant bømlingane.

Ikkje mogeleg utan bompengar

Bremnes Seashore er tydelege på at suksessen til selskapet ikkje hadde vore mogeleg om Bømlo ikkje hadde fått fastlandssamband for 10 år sidan.

Les meir: Dette er bompengelandet | Bompengeutgiftene dobla på ti år

Truck lastar vogntog

LASTING: Vogntog vert i all hast lasta med laks.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Forretningskonseptet bygger på at det skal ta mindre enn fire timar frå laksen sprellar i sjøen til ferdig pakka vare kan lastast ombord i vogntog. Laksen skal framleis vera fersk når han kjem fram til den europeiske marknaden.

- For oss, som driv næring mot ein internasjonal marknad frå utkanten mot utlandet, er infrastruktur og gode kommunikasjonar heilt avgjerande. Me kunne ikkje ha satsa slik me har gjort om det ikkje var for bompengane, seier Sæverud.

- Men har ein ikkje då gitt opp at det er staten som i utgangspunktet skal finansiera vegar i Norge?

- Det kan vera, men når ein driv næring må ein jobba ut i frå den kvardagen ein faktisk har. Og den er bompengar ein del av.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Trekantsambandet

SNART NEDBETALT: Trekantsambandet opna i 2001. I 2012 er bompengelånet nedbetalt.

Foto: Kjetil Rydland / NRK