Bibelskulestudent døydde etter drukningsulukke i Israel

Håvard Jonassen (22) vart lagt inn på sjukehus med alvorlege skader etter badeulukke på skuletur til Israel.

Håvard Jonassen

OMKOM: Håvard Jonassen frå Fana i Bergen mista livet på skuletur i Israel.

Foto: Privat

– Det er med sorg vi kunngjer at studenten som vart alvorleg skadd i ei badeulukke i Israel, tysdag morgon vart erklært død av legepersonell ved sjukehuset i Afula, skriv rektor Gunnar Ferstad i ei pressemelding på Sotras-skulen sine nettsider.

Bildøy Bibelskole var på skuletur til Israel i førre veke. Ulukka skjedde tysdag 5.november, då fleire elevar skulle bade i Gan Haslosha nasjonalpark i den sørlege delen av Galilea.

Skulen skriv at det er 22 år gamle Håvard Jonassen frå Fana i Bergen som har mista livet i badeulukka. Det var Norge IDAG som først melde om dødsfallet.

– Våre tankar og vår forbønn går i dag til dei som no har mista ein av sine kjære. Studenten sin bortgang vil skape eit stort tomrom og sakn i studentmiljøet. Mange har mista ein kjær ven, seier Ferstad.

Bildøy bibelskole

I SORG: Bildøy Bibelskule ligg på Sotra utanfor Bergen. Elevane der får bistand av kriseteam frå Fjell kommune, samt skule si bedriftshelsetjeneste.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Medelevar var vitne

Fleire av elevane vart vitne til det som skjedde, og har fått hjelp av kriseteam etter at dei kom heim til Noreg.

Dei pårørande er kjent med at skulen går ut med pressemelding og bilete av den 22 år gamle eleven.

– Den næraste familien ønskjer å uttrykke takksemd til alle som har stått med dei i forbønn og omtanke i den krevjande veka som har gått, seier Ferstad.