Hopp til innhold

BI-studentar pungar ut for å sleppe å ta eksamen sjølve – kjøper seg inn hos andre

MØHLENPRIS (NRK): På anonyme forum tilbyr studentar opp mot 7000 kroner for å kjøpe seg gode karakterar. – Juks, meiner BI.

BI-studenter og meldinger om betalte oppgaver på Jodel

REAGERER: Fleire studentar ved handelshøgskulen BI tilbyr å betale fleire tusen kroner for å få andre studentar til å gjere jobben for dei. Ragna Rødli Gjørtz (t.v.) og Mathilde Melkevik har ikkje gjort det sjølve, men har høyrt om medstudentar som har gjort det. – Dumt at det er blitt ein slik kultur, meiner Melkevik.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK/Skjermdump

Studentar ved Handelshøyskolen BI i Bergen tilbyr medstudentar tusenvis av kroner for å sleppe å gjennomføra obligatoriske fag.

Gjennom anonyme delingstenester som Jodel tilbyr studentar som ikkje vil gjere heimeeksamen sjølve, å betale tusenvis av kroner for å la andre gjere jobben.

– Eg kjenner sjølv fire studentar som har kjøpt seg inn, seier BI-student Mathilde Melkevik.

Studentar betaler seg inn på eksamenar ved BI

På det anonyme forumet Jodel er det fleire døme på studentar som ønskjer å kjøpe seg inn på heimeeksamensgrupper.

Studentar betaler seg inn på heimeeksamenar

På heimeksamenen på førsteåret skal studentane utarbeide ein marknadsplan for eit firma. "Gaitline" er namnet på firmaet studentane skal lage marknadsplan for.

Studentar betaler tusenvis for å få karakter på heimeeksamen

Det blir forhandla mellom dei anonyme brukarane. Ifølgje studentar blir det til dømes nytta krypterte meldingstenester for å opprette kontakt også.

Studentar betaler seg inn på eksamenar ved BI

Studentane NRK snakka med har høyrt om studentar som har betalt 7000 kroner for å bli med i grupper.

– Skikkeleg unnasluntring

Fleire BI-studentar NRK har snakka med bekreftar praksisen, som er mest utbreitt i faget marknadsføringsleiing.

Her må studentane lage ein marknadsplan for eit firma, som skal leverast gjennom ein 30 sider lang obligatorisk heimeeksamen.

Ein kan velje sjølv om ein vil jobbe aleine eller i grupper.

Studentar som ikkje vil gjere eksamen sjølve, kan dermed betale tusenvis av kroner for å bli med i eit gruppeprosjekt.

Medstudentar tener pengar, medan kjøparen slepp unna – og sikrar seg ein god karakter.

– Ein er ikkje verdig den karakteren ein får om ein har kjøpt seg inn. Det er skikkeleg unnasluntring, seier BI-student Ragna Rødli Gjørtz, som kjenner medstudentar som har betalt 7000 kroner for å sikre seg ein god karakter.

Handelshøyskolen BI bergen

CAMPUS BERGEN: Ifølge studentar ved BI på Marineholmen i Bergen er problemet utbreidd. – Vi er ikkje kjent med den praksisen verken i Bergen eller ved andre campus i Noreg, seier direktøren for studiekvalitet.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Betalte 5000 kroner for bacheloroppgåve

Ein av personane Mathilde Melkevik kjenner til, betalte 5000 kroner for å bli med på ei bacheloroppgåve.

– Enkelte som jobbar fulltid, kjøper seg inn på bachelor- og heimeeksamenar for å få ein karakter utan å gjere noko sjølv, seier Melkevik.

På døma frå Jodel kjem det fram at dei som faktisk gjer heimeeksamenen, risikerer å få mindre betalt dersom oppgåva ikkje får toppkarakter.

Toppkarakteren A kan til dømes gi 5000 kroner, men om vedkomande får B, er prisen redusert til 3000 kroner.

Melkevik samanliknar nokre av døma med ei form for utpressing.

– Personen som blir betalt har likevel jobba lenge med oppgåva, så det er jo nesten utpressing. Det er dumt at det har blitt ein slik kultur, seier ho.

Ragna Rødli Gjørtz (22) og Mathilde Melkevik (22) på BI Bergen

KJENNER FLEIRE: Ragna Rødli Gjørtz (t.v.) og Mathilde Melkevik kjenner studentar som har nytta seg av metoden.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

– BI bør straffa elevane

Direktør for studiekvalitet ved BI, Nicole Ebbing, kjenner ikkje til problemet.

– Vi er ikkje kjent med den praksisen verken i Bergen eller ved andre campus i Noreg. Om det viser seg at dette er tilfellet, definerer BI dette som juks og det vil bli behandla deretter, seier Ebbing.

– Kva tiltak vil de gjere?

– No er vi i slutten av denne eksamensperioden, men det er klart at vi må vurdere tiltak for neste periode. Vi må først vite fakta rundt dette også, svarar Ebbing

Ragna Rødli Gjørtz og Mathilde Melkevik har sjølve verken betalt eller teke betalt for eksamenssvar. Dei meiner dei som betalar og dei som tek betalt burde bli straffa.

– BI kan informere tydeleg om at dersom nokon på gruppa har blitt betalt for å jobbe, så kan også dei bli straffa for det. Dette er det same som å jukse på ein skuleeksamen, seier Melkevik

BI Bergen
Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK