Hopp til innhold

BI snur og tilbyr digitale hjelpemiddel likevel

Handelshøyskolen BI har fått mykje kritikk for eksamenskaoset i vinter. No får studentane likevel ha med seg PC-en på eksamenen dei må ta på nytt.

Handelshøyskolen BI bergen

KRØLL: Datasystema til BI krasja då 2700 studentar skulle ta digital heimeeksamen samstundes i november i fjor.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

2700 BI-studentar skal dei neste vekene ta eksamenen i faget «Strategi» over ein månad for seint, fordi datasystema krasja på eksamensdagen i november i fjor.

Sidan BI ikkje er sikre på at problema som oppstod før jul er løyst, er den digitale heimeeksamenen skrota til fordel for ein meir tradisjonell skuleeksamen med penn og papir.

Då forsvann også moglegheita til å ta med hjelpemidla som var lov under den digitale modellen. Etter at NRK omtala saka i går, har BI-studentane fått denne meldinga tilsendt frå eksamensadministrasjonen i dag:

«PC/Mac/nettbrett tillates som hjelpemiddel på eksamen i STR36052, i tillegg til alle trykte og skrevne hjelpemidler. Dette for å gi tilgang til kursmateriale lagret og produsert underveis i kurset, slik dere ville hatt under hjemmeeksamen.»

Amanda Jensen, student BI

FRUSTRERT: Amanda Jensen er tredjeårsstudent ved BI i Bergen. -Skulen burde hatt ei betre reserveløysing når systemet braut saman. Me betalar så ekstremt mykje pengar, og når me ikkje får det som me er lova, så blir det berre kaos

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Nøgde med endring

Det er ei melding som blir takknemleg motteke hjå studentane.

– Kritikken var riktig i går, men forholda for studentane blir no ganske like slik det opphavleg var tenkt, seier leiar Fredrik Knutsen Hegdal i BI Studensamfunn (BIS).

Studentorganisasjonen representerer BI-studentane i Bergen, Trondheim og Stavanger. Mange uttrykte i går stor frustrasjon over det dei meiner har vore elendig informasjon frå høgskulen.

Meldinga om at eksamen skulle skje på penn og papir, utan alle hjelpemiddel, kom først 8. januar.

– Det er ikkje heldig at det kjem så mange beskjedar med så mange endringar. Det er aldri kjekt midt oppe i ein eksamensperiode, seier Knutsen Hegdal.

Tekstmelding frå administrasjon til BI-studentar

HJELPEMIDDEL: BI-studentar som skal ta eksamen i faget Strategi fekk denne gladmeldinga i dag.

Foto: Skjermdump

Ikkje første gong

Han fortel at datasystema til BI har knela under eksamensdagar før. Også våren 2017 oppstod det ein liknande feil som den i november, men utan at det fekk like store konsekvensar.

Fleire studentrepresentantar har tatt til orde for å få refundert 40 prosent av kursavgifta på faget, fordi eksamenen tel 40 prosent av karakteren. BI har også opna for at det kan bli aktuelt med refusjonar.

Neste veke møter BIS og BI til møte om situasjonen.

– Me vil ha ei utgreiing på kva som har skjedd, arbeidet som no blir gjort for å sikra systemet og retta spørsmål om kompensasjon som følgje av omlegginga. Gjentakande problem med den digitale eksamensmodellen skapar mangel på tillit frå mange studentar, seier Knutsen Hegdal.

Følgjer opp problema

Det er selskapet Capgemini som har levert eksamensløysinga som svikta i november.

Digitalsjef Elin Borrebæk ved Handelshøyskolen BI seier dei sidan då har jobba intensivt for å hindre at det skjer igjen.

– Eksamensløysinga blir følgt opp i vekevise møter mellom toppleiinga i BI og Capgemini. Korkje vi eller dei var nøgde med utfallet 28. november. Vi kjenner oss trygge på at Capgemini har innsett alvoret denne saka har for BI og våre studentar.