NRK Meny
Normal

Frakta til Haukeland etter kollisjon på E39

Sjåfør til sjukehus etter at ein bil kolliderte på E39 ved Eknes i Lindås kommune. Den 25 år gamle mannen vart lettare skadd i ulukka.

ulykke

SKJEDDE I KRYSS: Ulukka skjedde i eit kryss ved Eknes i Lindås kommune.

Foto: Anders Nøkling / NRK

Det var klokka 20.49 tysdag kveld at politiet fekk melding om trafikkulukka på E39 i Lindås kommune. Ulukka skal ha skjedd i eit kryss like ved Eknes karosseri.

– Det var éin bil involvert i ulukka. Føraren av bilen var bevisstlaus då me fekk meldinga, men er no bevisst og blei tatt hand om av ambulansepersonell på staden, seier Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

Lettare skadd

– Mannen sat fastklemt inne i bilen, men folk på staden fekk han ut. Han blir no sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus.

Tilstanden til føraren av bilen var uviss då han vart frakta bort frå staden.

Onsdag føremiddag opplyser sjukehuset at det var ein 25 år gamal mann som vart frakta til sjukehus, og at han vart lettare skadd i ulukka.

Mistenkjer at førar var rusa

Ifølgje politiet er det mistankar om at mannen har køyrt i rusa tilstand.

Vegen var stengt i ei kort periode, men klokka 21.30 melder politiet at vegen er open for fri ferdsel.


Siste video

Det kokte i klubbhuset til Fana idrettslag etter at klubben tok sitt andre OL-gull på få dagar.
Programleiar:
Programleiar: Marte Rommetveit