Hopp til innhold

Væpna politi rykka ut etter ransalarm

Væpna politi har gjennomsøkt Handelsbanken på Minde, etter at ransalarmen blei utløyst.

Ransalarm i Handelsbanken

SJEKKA BANKLOKALET: Politiet sjekka bankfilialen både utanfrå og innanfrå, og konstaterte etter ei stund at det var falsk alarm.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Fleire politipatruljar rykka ut til Handelsbanken i Conrad Mohrs veg på Minde i Bergen.

Politifolka gjennomsøkte banklokala for å sjå om det var eit ran eller ein falsk alarm. Vegen forbi banken blei sperra, men er no opna att.

– Det har gått ein ransalarm. Me har søkt gjennom bygget og ikkje funne noko. Mest truleg dreier det seg om ein teknisk feil, fortel innsatsleiar Rune Vedeler til NRK.

Ransalarm i Handelsbanken

SPERRA VEGEN: Conrad Mohrs veg blei sperra for gjennomkøyring medan politiet undersøkte banklokala. Væpna politi held vakt ved sperringane.

Foto: Åge Algerøy / NRK