- Prislappen på det nye utstyret blir på 200 millionar kroner, seier administrerande direktør i Norsk Oljevernforening For Operatørselskap, NOFO, Tharald Brekne.
Treng utskifting
Seinast ved Rocknesforliset i januar, var oljevernutstyret til NOFO i bruk. Det var det også då oljetankeren "Prestige" forliste utenfor spanskekysten, og forårsaka eit enormt oljesøl i 2002.
Norsk oljevernutstyr var i bruk da oljetankeren "Prestige" forliste utenfor spanskekysten.
Men utstyret er snart 20 år, og trenger utskifting.
Og no skal ein altså sikre norske strender, med nytt oljevernustyr for 200 millionar kroner. Aldri tidlegare er det blitt investert så store summar i slikt ustyr.
Fleire selskap
Tre selskap skal levere oljevernutstyret. NOFI i Tromsø og NorLense i Vestrålen skal levere oljelensene. Selskapet Frank Mohn i Bergen skal levere oljeopptakarar for 120 millionar. Administrerande direktør Trond Mohn seier dette er ustyr som er fjernstyrt og gjer opptak av olje enno meir effektivt.....
Første delen av oljevernutstyret blir levert i vår, og i løpet av tre år skal alt gammalt utstyr langs norskekysten vere bytta ut.