Hopp til innhold

Beste kaffikokar i Hordaland

- Kjøp ei kvern og kaffibønner, oppmodar Rasmus Helgebostad. Den ferske regionmeisteren veit kva som skal til for å få kaffien god.

- Det var utruleg jamt. Eg hadde ikkje trudd eg skulle vinna, seier Rasmus Helgebostad.

Berre eit par poeng skilte han og andreplassen i regionmeisterskapen i baristakunst i Bergen i går. Ikkje fleire enn fire personar deltok, men nervane var likevel på topp før konkurransen.

- Det var vilt kaos rett før. Det er utruleg mange småting å tenkja på. Det er ikkje berre til å trykka på knappen på kaffimaskina. Det tekniske, kverna, kaffien ein vel, og måten ein pakkar kaffien på: Alt spelar inn på smaken, seier baristakunstnaren.

LES MEIR: Slik lager du god kaffi

Ti minutt på seks kaffiar

I meisterskapen får kvar av deltakarane ti minutt på å laga to espressoar, to cappuccinoar og to sjølvvalde drikker.

- Reint utstyr og ferske kaffibønner er viktig for å få god kaffi. Tida kaffien er i kontakt med vatn, har også mykje å seie, fortel Helgebostad, som til vanleg jobbar på Kaffemisjonen i Bergen.

Den sjølvvalde drikken hans var eplejuice, sukker og espresso kombinert med lyden av kolsyre.

- Eg er veldig opptatt av korleis lyd og smak heng saman. Smaken blir som lyden, fortel han og ler.

Og ganske riktig: Dommarane følte at dei drakk kaffibrus.

- Det høyrest kanskje litt rart ut, men det fungerte veldig bra. Baristakunst handlar om kreativitet og god smak, fortel Anders Dahle, som var dommar i konkurransen.

"Det er ikkje berre til å trykka på knappen på kaffimaskina. Det tekniske, kverna, kaffien ein vel, og måten ein pakkar kaffien på: Alt speler inn på smaken."

Rasmus Helgebostad, regionmeister i baristakunst

Ser fram til NM

Det er åtte år sidan regionmeisteren byrja å jobba på kaffebar. Berre tre månader etter var han med i sin første konkurranse.

- Det gav meirsmak. Det er kjekt å perfeksjonera seg og veldig motiverande i arbeidet, fortel han.

Helgebostad har vunne konkurransen seks gonger før, men NM-tittelen har han aldri fått. No ser han fram til finalen.

- Men eg tar det med ro. Plasseringa er ikkje så viktig. Det er meir for personleg utvikling, seier han.

LES OGSÅ: Filterkaffi er sunnest

- Kjøp ei kvern

Den ferske regionvinnaren i baristakunst, eller kaffikoking, har tips til dei som ynskjer betre kaffi:

- Kjøp ei kvern og ferske bønner. Mange kjøper gjerne espressomaskin, men eg vil rå folk til å starta med kverna og så heller ta maskina seinare. Ei kvern gir god smak og er ikkje så dyr, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

"Kjøp ei kvern og ferske bønner. Ei kvern gir betre smak og er ikkje så dyr. "

Rasmus Helgebostad, regionmeister i baristakunst