NRK Meny
Normal

Berre MS-sjuke får kombinera cannabis-spray og bilkøyring

Andre pasientgrupper som får det cannabisbasert legemiddel Sativex på resept mistar sertifikatet. Moraliserande forskjellsbehandling, meiner forskarar.

Sativex

MUNNSPRAY: Medisinsk cannabis er ein del av fleire hundre nordmenn sin kvardag. Primærgruppa er MS-pasientar. Det er også berre desse som får nytta sprayen i kombinasjon med bil.

Foto: Luis Hidalgo / AP

Cannabis-medisinen Sativex har vist seg å gi god effekt for fleire pasientgrupper i Noreg. I fjor fekk 326 pasientar i Noreg Sativex på resept.

Av desse hadde 267 multippel sklerose (MS). Pasientar med den kroniske sjukdomen får halda fram med å køyra bil. Andre brukarar av legemiddelet mistar sertifikatet.

Ut frå eit reint fagleg perspektiv, har eg vanskeleg for å sjå kva som er grunngjevinga for eit skilje mellom pasientgruppene

Ole Røgeberg, seniorforskar ved Frischsenteret
Ole Røgeberg, Frischsenteret

KRITISK: Seniorforskar Ole Røgeberg reagerer på at berre éi gruppe pasientar får lov å køyra bil, medan smertepasientar som tek same medisin, mister førarkortet.

Foto: Frischsenteret

– Medisinen vil påverka køyreferdigheitene nokolunde likt i dei to gruppene. Det er ingenting som tilseier at smertepasientar skal ha ein markant risikoauke ved inntak av desse stoffene enn det ein MS-pasient vil ha, seier seniorforskar Ole Røgeberg ved Frisch-senteret.

Meiner reaksjonsmønsteret er det same

NRK har tidlegare snakka med ein kvinneleg smertepasient som i årevis fekk behandling med smertestillande utan at det hjelp. Då ein spesialist skreiv ut Sativex, eit cannabisbasert legemiddel, forsvann smertene.

– Eg føler meg så klar og fin. Eg var veldig forsiktig i starten og testa responshastigheit og liknande på mobilspel, sa kvinna til NRK i vinter.

Ho ynskjer å vera anonym fordi ho ikkje orkar pågangen frå personar som slit med å få skrive ut legemiddelet.

Kvinna er blant dei som mista førarkortet fordi ho brukar Sativex.

– Reaksjonsmønsteret mitt er som før, hevdar ho.

Meiner forsking avslører forskjellsbehandling

Ole Røgeberg har gått gjennom all forsking på ulukkesrisiko for trafikantar som brukar cannabis, og kombinert resultata frå over 20 internasjonale studier. Cannabis inneheld THC, stoffet som kan gi ei ruskjensle.

– I gjennomsnitt er det slik at førarar som har det rusgjevande stoffet THC i blodet, har ein svak til moderat auka risiko for ulukker, i sum 20 til 40 prosent, seier Røgeberg.

Dette er moderat samanlikna med alkoholrus.

– Samanliknar du med dei som har ein påviseleg alkoholpromille i blodet, har dei ei risikoauke på 600-700 prosent. Det er ein ganske mykje høgare risiko i snitt.

– Paradoksalt

Det er Helsedirektoratet som legg retningslinjene for kven som på medisinsk grunnlag skal ha rett til å køyra bil. Avdelingsdirektør Bente Moe meiner cannabis-medisinen Sativex hjelper MS-pasientar til å kunne køyra.

– Unntaket er for dei MS-pasientane som har auka muskelspenningar og som treng eit middel som gjer at spenningane losnar, slik at dei beherskar kroppen sin betre.

Forskjellsbehandlingen av smerte- og MS-pasienter er eit paradoks, meiner pyskiatar og rusforskar Jørgen G Bramness.

Jørgen Bramness

RUSFORSKAR: Jørgen G Bramness er tidlegare forskingsdirektør ved SERAF.– At heile pasientgruppar har falle innanfor medan andre har falle utanfor, synest eg er paradoksalt.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

– Ein skal vera merksam på kombinasjonen av denne typen legemidlar og køyring, men at heile pasientgruppar har falle innanfor medan andre har falle utanfor, synest eg er paradoksalt.

Avdelingsdirektøren Moe står fast på at munnsprayen gjer MS-pasientar betre eigna bak rattet.

– Me set trafikktryggleiken høgast, og det er det me vurderer ut ifrå. Dei som er godkjende sjåførar, skal kunna køyra så trafikksikkert som råd, også dersom dei har helsemessige utfordringar.

Siste video

13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.
 Programleder Mariann Reikerås