Hopp til innhold

Berre 7 av 10 tog var i rute

Jernbaneverket og NSB jobbar iherdig for å auka punktlegheita på Bergensbana. Likevel blir toga på strekninga stadig meir forseinka.

Bergensbanen

Det skal vera minst 90 prosent punktlegheit på Bergensbana, men hittil i år har berre 7 av 10 persontog vore i rute.

Foto: Rune Fossum

Talet på innstilte persontog på Bergensbana har auka det siste året, og frå januar til november i år var berre 70 prosent i rute. Det er ein nedgang frå i fjor, då 79 prosent var i rute.

Utviklinga har dermed gått i feil retning og er eit godt stykke unna Jernbaneverket sitt mål om ei punktlegheit på minst 90 prosent.

– Me har for mykje signalfeil

– Me fekk kraftig auke av vedlikehaldsmidlar frå og med 2009, og me satsar på at det vil me kunna få i framtida også. Då skal det gradvis bli betre, seier informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket.

Inge Hjertaas informasjonssjef Vest Jernbaneverket

Inge Hjertaas er informasjonssjef i Jernbaneverket.

Foto: NRK

Det er ikkje berre uvêr og ras som skaper problem på Bergensbana. Enkelthendingar som brannen på Hallingskeid , og Jernbaneverket sine eigne installasjonar har også skapt forseinkingar.

– Det som bekymrar oss mest er at me framleis har for mykje signalfeil, og det har faktisk auka. Me må gjera ein endå større innsats for å finna årsakene til dette her, seier Hjertaas.

LES OGSÅ:

Liker ikkje utviklinga

Det er NSB som køyrer toga, og selskapet er ikkje nøgd med utviklinga.

– 2011 har for eit utfordrande år for oss, og me er ikkje nøgde med dessa tala, seier sals- og marknadsansvarleg Henning Lirhus i NSB.

Han innrømmer at NSB må ta på seg litt av ansvaret.

– Vårt hovudfokus er å sørgja for at togmaterialet vårt er i god stand til å kunna køyra over høgfjellsstrekninga. Me har i tillegg sterkt fokus på opphald på stasjonar undervegs, seier Lirhus.