Hopp til innhold

Her treng du støvlar!

Berre tre dagar med opphaldsvêr så langt i september. Det er uvanleg, sjølv for bergensarane.

Video nsps_upload_2009_9_27_21_13_48_2629.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Idag måtte brannvesenet rykka ut til kjellerar som måtte pumpast på grunn av mykje regn i Bergen. Fleire andre stader i fylket skapte nedbørsmengdene trafikkkaos og stengde vegar på grunn av flaum.

Bil i regn i Bergen

Regntida er her

- Me har gått inn i den mest regntunge tida av året, smiler vakthavande meterolog ved Vêrvarslinga på vestlandet, Arnstein Tjøstheim.

Så langt i september har det komme litt over 344 millimeter nedbør.

Det er 22 % meir enn normalen i september.

Likevel er det langt frå rekordmykje regn som har komme, seier Tjøstheim som minnar om at september og oktober vanlegvis er dei mest regntunge månadane.

Så langt i dag har det komme like over 40 millimeter regn i vestlandshovudstaden.

Kulda tek over

- Me får trøysta oss med at kulden truleg erstattar regnet i dagane som kjem, seier Tjøstheim ved Vêrvarslinga, som legg til at det kan vera fare for nattefrost ut i neste veke.

For dei neste dagane er det venta fallande temperaturar, med bygevêr og sol innimellom.

Temperaturer i Bergen

Fleire detaljar om veret dei kommande dagane finn du her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.