NRK Meny
Normal

Bergingsaksjon etter nødmelding frå båt

Naudetatane rykka ut etter melding om at ein båt hadde forlist på eit skjær utanfor Austevoll.

Laster kart, vennligst vent...

BÅT MED PROBLEM: Naudetatane fekk like før klokka 10 inn ei nødmelding frå ein båt utanfor Tobbholmane.

– Vi har nettopp fått inn melding, og rykker ut. Det skal vere snakk om ein båt med tre personar om bord som har køyrd på eit skjær, fortel vaktkommandør Torkjell Helle i Bergen Brannvesen.

Det er snakk om eit skjær ved Tobbholmane på Austevoll, sørvest for Bergen.

– Har ikkje gått på land

Like etter klokka 10 opplyser politiet om at båten ikkje skal ha treft eit skjær.

– Vi har lite informasjon enno. Ifølgje den fyrste meldinga hadde dei gått på land, men no har me fått beskjed om at dei ikkje har gjort det. Dei har kasta ut eit anker, og det er ingen fare for liv og helse, seier operasjonsleiar Lars Geitle.

– Det kan vere båten har fått motorstopp og at dei har varsla fordi dei har vore redde for å drive på land, seier Geitle.

Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.