BERGING I FLØYFJELLSTUNNELEN:

Politiet og bergingsbil har rykka ut til Fløyfjellstunnelen for å berge ein bil som har gått tom for drivstoff. – Då fyrste bil var lasta på planet var me klare for å opne høgre felt. Men på veg ut kom me over enda ein bil med motorstopp, seier operasjonsleiar Morten Kronen. Den andre bilen er no i ferd med å bli køyrd bort. Høgre felt er venta å vere opna att straks.

Fløyfjellstunnelen
Foto: Anders Ekanger / NRK