Cruisehamna i Bergen er landets travlaste. No fryktar politikarane at endelause køar av turistar kan skade ryktet til Bergen som reisemål.
Bystyret i Bergen vedtok difor onsdag å setja eit tak på kor mange cruiseskip som dagleg får komma til byen:
Fryktar for arbeidsplassane
Eit kvarters køyring frå turisttrengselen på Bryggen og Fisketorget står ein som fryktar følgjene.
– Eg må truleg kutta talet på medarbeidarar viss kommunen avgrensar talet på cruiseanløp.
Det seier Arild Nydegger Øvre-Eide, som driv gardsturisme på Øvre Eide gard i Jordal fem kilometer nord for sentrum. Den landlege dalen ligg tilsynelatande fjernt frå der turistane går i kø i høgsesongen.
Her har dei spesialisert seg på cruiseturisme, og har i sesongen 15 arbeidsplassar. Vel 30 prosent av omsetnaden er knytt til cruiseturismen.
Leiar i komite for miljø og byutvikling Geir Steinar Dale (Ap) er ikkje like bekymra som Øver-Eide.
– Øvre Eide gard har ikkje akkurat kapasitet til å ta i mot 8000 gjester per dag, så dei vil vel framleis ha nok besøkande sjølv om me bremsar cruisetrafikken, repliserer han.
SV: Vil vere strengare
Diane Berbain (SV) meiner det vedtatte makstalet framleis er for høgt. Ho vil ikkje ha meir enn 5000 passasjerar og to cruiseskip dagleg.
– Bergen eignar seg dårleg til masseturisme. Byen bør vera ein reiselivsprodukt med kvalitet. Me må ikkje gløyma slitasjen på miljø, byrommet og kulturminna, seier ho.
- Les også:
- Les også:
– Cruisebåtane dreg andre stader
Medan Øvre-Eide fôrar dyra på den nyrestaurerte låven i Jordal, forklarer han at dei fleste cruiseturistane som kjem er etterkommarar av utvandrarar til Amerika som vil sjå kvar slekta kjem frå.
– Dei er genuint opptatt av å sjå og læra litt om det norske landbruket.
– Viss Bergen set grenser for skipsanløpa, legg cruiseselskapa trafikken til andre stader. Det er synd at det skal gå ut over arbeidsplassar i Bergen, seier Øvre-Eide.
Høgre ville utsetja saka
Også Bergen reiselivslag meiner turiststraumen må avgrensast, for at ikkje køar av turistar i sentrum og på Fløybanen skal skada ryktet til byen.
- Les også:
- Les også:
– Cruisebåtane dreg andre stader
Medan Øvre-Eide fôrar dyra på den nyrestaurerte låven i Jordal, forklarer han at dei fleste cruiseturistane som kjem er etterkommarar av utvandrarar til Amerika som vil sjå kvar slekta kjem frå.
– Dei er genuint opptatt av å sjå og læra litt om det norske landbruket.
– Viss Bergen set grenser for skipsanløpa, legg cruiseselskapa trafikken til andre stader. Det er synd at det skal gå ut over arbeidsplassar i Bergen, seier Øvre-Eide.
Høgre ville utsetja saka
Også Bergen reiselivslag meiner turiststraumen må avgrensast, for at ikkje køar av turistar i sentrum og på Fløybanen skal skada ryktet til byen.
Men dei går heller ikkje med på at cruiseturistar skal bli svartelista som klimaverstingar og reisande som ikkje legg att pengar.
På oppdrag frå interesseorganisasjonen Maritime Bergen, Bergen Næringsråd og Bergen Reiselivslag, har Menon Economics gjennomført ei analyse av cruiseturismen sin økonomiske betydning i Bergen
Rapporten estimerer at 580.000 cruiseturistar vil besøka Bergen i 2018. I snitt legg ein cruiseturist igjen 910 kroner per døger, hevdar selskapet, som baserer tala på spørjeundersøking gjort av cruiseturistar som besøker Bergen mellom juni og september.
Rapporten blei overlevert byrådet i førre veke. Men først i dag blei rapporten lagt fram for bystyret. Det medførte at Høgre føreslo å utsetja heile saka.
– Det er ikkje godt nok å få denne rapporten ein time før bystyremøte. Når ein skal setja avgrensingar på talet på turistar og skip, kan ein venta ein månad med vedtaket slik at alle i det minste får lest rapporten, seier gruppeleiar Hilde Onarheim (H).
Byråd Andersland poengterer at denne rapporten handlar om korleis cruisetrafikken påverkar næringslivet.
– Denne saka handlar om korleis cruisenæringa påverkar miljøet i byen vår. Slik sett er ikkje denne rapporten relevant for vedtaket som skal gjerast i kveld, seier Andersland.