Bergensordføraren til NRK: – Rederiet betalte for heile reisa

Trude Drevland drog til Venezia med privatfly og budde på luksushotell, saman med sonen. Skipsrederiet Viking Cruises betalte for turen.

Trude Drevland fortel om då ho reiste med privatfly og budde på luksushotell i Venezia, saman med sonen. Rederiet Viking Cruises tok rekninga.

- INGA GÅVE: - Dette var ikkje nokon gåve, det var del av ein jobb eg sa ja til å gjere. Likevel skal det førast inn i eit register over gåver, som eg alltid gjer, ope og ordentleg, seier Trude Drevland.

– Det var spesielt å reise med eit privatfly. Det er ikkje noko eg gjer til vanleg. Eg synest det er litt «overkill», seier Trude Drevland (Høgre) til NRK.

Ordføraren i Bergen har fått kritikk for rolla hennar i skipsdåpen i Bergen 17. mai, av cruiseskipet «Viking Star». Skipsdåpen var ikkje den einaste offentlege opptredenen Drevland gjorde i samanheng med dåpen.

22. juni i fjor blei ho og sonen hennar henta med privatfly på Flesland lufthamn. Rederiet Viking Cruises, eid og drive av nordmannen Torstein Hagen, betalte for heile turen.

Dei reiste til Venezia og budde på luksuriøse Hotell Danieli i to døgn, før dei reiste attende med privatflyet, ifølgje ordføraren.

Det billegaste rommet på hotellet har i dag ein døgnpris på 560 euro, eller 4 900 kroner per idag. Etter at NRK intervjua Drevland om saka, la ho sjølv ut eit langt innlegg på Facebook med hennar forklaring.

Trude Drevland

VELKOMST: Ordførar Trude Drevland gav skipsreiar Torstein Hagen ein klem, då cruiseskipet Viking Star kom til Bergen før 17. mai.

Foto: Viking Ocean

Tok ut feriedagar

– Eg sa ja til å vere gudmor for skipet utan å vite at dette òg var ein del av oppdraget. Reisa var ein del av gudmoroppgåva, seier Drevland.

Ho seier rederiet ikkje ville ha sjøsett cruiseskipet dersom ho ikkje var til stades under seremonien, ved skipsverftet i Marghera, like ved Venezia.

– Det låg fleire forpliktelsar i den gledelege oppgåva eg tok på meg, for Bergen, seier Drevland.

Ifølgje ordføraren var det rederiet som organiserte turen, og som meinte det var best at ho reiste med selskapet sitt privatfly.

– Reiaren skulle hente sin eigen familie i Noreg. Dei meinte det ville vere billegare og mest praktisk å plukke meg opp med flyet, seier Drevland.

Veit ikkje prisen

Turen synast ikkje i dei offentlege planane hennar, fordi ho tok ferie for å gjere oppdraget i Italia. Ordføraren seier at ho ikkje veit kva turen kosta rederiet. Sjølv om det har gått snart eit år sidan reisa, har ho ikkje fått gode nok svar på kva det kosta, ifølgje ordføraren.

– Det har eg ikkje heilt klart for meg enno. Dette var ikkje nokon gåve, det var del av ein jobb eg sa ja til å gjere. Likevel skal det førast inn i eit register over gåver, som eg alltid gjer, ope og ordentleg, seier Drevland.

– Dersom dette var jobb, kvifor tok du ut ferie?

– Det er eit godt spørsmål, det var kan hende keitete av meg. Eg tenkte det var like greitt, men det var ingen ferie, seier Drevland.

I tillegg var Drevland med på tre dagar med cruise like etter skipsdåpen i Bergen. Med på turen var ektemannen Odd Drevland. Denne jomfruturen var og ein del av forpliktelsane som gudmor, seier Drevland.

Cruiseskip døpes 17.mai

VIKING STAR: Trude Drevland er gudmor for cruiseskipet, som skal ha avreise frå Bergen. Her frå dagane før skipsdåpen under feiringa av 17. mai.

Sonen var med på turen

Ho seier ho ikkje ser noko kritikkverdig ved turen, eller at sonen var med. Han budde på same hotell og fekk og turen betalt av rederiet.

– Det var ikkje meir enn eit fly som allereie var i Noreg. Det hadde med å gjere den jobben eg hadde, og turen var gjort på knapt eit døgn, seier Drevland.

Er det greitt at politikarar har med seg familiemedlem på slike sponsa turar?

– Det var ein jobb eg skulle gjere, og det var trygt å ha med seg nokon på turen. Det kan sikkert vurderast, men det skal gjerast ordentleg i forhold til likningsmyndigheiter, seier Drevland.

Rederiet spela inn video under utfarta, og laga ein promovideo som no ligg på Youtube.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon