Hopp til innhold

Bergensforskarane sitt funn går verda rundt

Nyheita om ei eldgamal teikning på ein flat stein fekk UiB-forskarane sine telefonar til å koke. – Det har vore eit ellevilt kaos.

Christopher Henshilwood intervjues av BBC

ENORM PÅGANG: Forskarane bak funnet har blitt kontakta av mediehus frå heile verda. Her vert Christopher Henshilwood intervjua av BBC. – Vi visste det kunne bli ei stor nyheit, men at den skulle spreie seg så raskt er overveldande.

Foto: Christian Lura / NRK

– Det er alt frå NY Times, The Wall Street Journal, BBC, franske, tyske og afrikanske aviser til Fjordabladet, seier seniorrådgivar Olaf Erlend Gundersen ved kommunikasjonsavdelinga på Universitetet i Bergen (UiB).

Onsdag vart det kjend at forskarar frå UiB har gjort eit sensasjonelt funn i Sør-Afrika. Ei 73.000 år gamal teikning på ein flat stein kan no gi oss ny informasjon om mennesket si historie.

Fire dagar etter at nyheita spreidde seg verda rundt, er det publisert om lag 1400 nyheitsartiklar om funnet, som er den eldste menneskeskapte teikninga som forskarar kjenner til.

– Det har vore eit ellevilt kaos, seier administrativ prosjektleiar for SapienCE, Ståle Berglund.

– Dette er verkeleg stort

Teikninga vart funnen i Blombos-hola i det sørlege Cape i Sør-Afrika i 2011, men først i 2015 forstod forskarane kva dei eigentleg hadde oppdaga.

– Det er ein langdryg prosess når ein gjer arkeologiske funn som dette. Ein må vere heilt sikker på kva ein presenterer, og frå 2016 har vi jobba kontinuerleg med analysar, forklarar Berglund.

Etter at oppdaginga vart kunngjort i tidsskriftet Nature på onsdag, har interessa vore enorm.

– Det har vore mediedekning frå bokstaveleg talt heile kloden. Alle som har vore på jobb har fått intervjuførespurnader, og etter kvart laga vi klar ferdige svar frå forskarane. Vi har måtte stå på, seier Berglund.

Verdens eldste tegning

POPULÆR: Teikning frå Blombos-grotta med oker-fargestift på silcrete-stein har fått heile verda til å sjå mot Bergen, der forskarane som har funne steinen heldt til. – Det er utruleg gøy, men også viktig med slike saker som blir slått stort opp. I dette tilfellet driv vi verdsleiande forsking ved UiB. Det er viktig at vi klarar å formidle vidare dette, seier Olaf Erlend Gundersen ved kommunikasjonsavdelinga på UiB.

Foto: Craig Foster / Universitetet i Bergen

Berglund fortel at også forskarkollegaer har vore på bana, og at det har kome konstruktive tilbakemeldingar.

– Men først og fremst har det vore stor entusiasme og klapp på skuldra for denne presentasjonen, for dette er verkeleg stort.

Forskar «rømte» på ferie

I ei oversikt over landa som har hatt flest omtalar av funnet, ligg USA på topp, etterfylgd av Frankrike, Australia, Canada, Storbritannia, Sveits og Tyrkia.

Gundersen ved UiB fortel at funnet også er omtalt på The Daily Show, eit direktesendt amerikansk humorprogram.

– Dette overgår alt vi har sett før! Trykket har nok roa seg litt no, samanlikna med dei første dagane. Hovudpersonen sjølv (Christopher Henshilwood, journ.anm.) har fått mange telefonar direkte til seg. Han har «rømt» på ferie i nokre veker, seier Gundersen.

Han fortel at førre gong dei opplevde ei liknande interesse, var då forskarar frå universitetet opna magesekken på «Plastkvalen».

Christopher Henshilwood i Blombos-hulen

VIKTIG FUNN: Ei eldgamal teikning med ni strekar på ein flat stein forandrar heile tidsrekninga for det moderne mennesket. UiB-forskar Christopher Henshilwood t.v.

– Vi visste det kunne bli ei stor nyheit, men at den skulle spreie seg så raskt er overveldande. Dei mest vanlege spørsmåla har vore: Kva tenkte vi då vi fann teikninga? Korleis kan vi vite at det faktisk er ei teikning? Kva trur vi den skal førestille osv., sa Henshilwood til UiB, dagen etter at funnet vart gjort kjend.

Vil avsløre fleire funn

Berglund fortel at det vil bli presentert fleire liknande nyheiter i tida framover.

– Kva det handlar om er framleis hemmeleg, men eg kan avsløre at vi har gjort funn som no er under analyse, og som truleg vil setje like store spor som denne teikninga.

Den 73.000 år gamle teikninga skal stillast ut i Cape Town og Johannesburg, men forskarane håpar den også blir å sjå på ei utstilling i Bergen om rundt to år.