I området der huset brann ligg det tett med hus, mellom anna mange trehus.
Det fossa røyk ut av toppetasjen i huset og brannvesenet frykta ei stund at brannen skulle spreie seg.
Inferno av røyk
- Det var eit ganske bra inferno som møtte oss. Det kom mykje røyk frå huset. Når me ikkje veit kva som møter oss på baksida blir ein litt uroa, seier bigadeleiar Egil Grimseid.
Ingen personar vart skada i brannen. Det skal heller ikkje ha vore personar i huset, opplyser politiet.
30 personar i sløkkinga
Brannvesenet forsikra seg utover ettermiddagen om at det ikkje var branngassar i veggene og at brannen ikkje skulle ta seg opp igjen.
30 personar frå brannvesenet og sju brannbilar var på staden under sløkkinga. Dei sperra ei tid av eit område rundt huset for å kome betre til.