– Bakgrunnen for prosjektet er at sjømenn var våre første rockarar, og sjantisong var ein del av deira kvardag, fortel Haakon Vatle, leiar for prosjektet.
Får internasjonal merksemd
Sjanti var opphavleg arbeidssong for sjøfolk. Songen skulle gjera det lettare å koordinere den felles arbeidsinnsatsen.
No har Vatle invitert bergensartisatar til å velje ein sjanti og tolka den på sin eigen måte. Resultatet vert ein CD som skal delast ut til alle som kjem til Bergen under festivalen i juli.
– Nesten alle artistane vi har spurt har takka ja til å vera med. Responsen har vore overveldande, fortel Vatle.
Ifølgje prosjektleiaren kjem prosjektet til å vekkje internasjonal interesse.
– Over 2000 ungdomar frå heile verda er venta å kome til Bergen under arrangementet. Alle ungdomane som kjem hit får ein CD-en når dei legg til kai. Når dei reiser heim tek dei jo med seg CD-en tilbake til heimlandet.
Vil rekruttere fleire unge
Vatle seier at ein av grunnane til at han har valt å gjennomføre prosjektet er fordi han ynskjer å få ungdom meir interessert i segling.
– Dei fleste kjenner jo til The Tall Ships Races, og veit at det er ein stor folkefest. Men det folk flest kanskje ikkje veit, er at det er eit stort ungdomsarrangement.
Og det kan vera vanskeleg å rekruttere ungdomen, fortel han.
– Seglskutene har jo hatt litt problem med å rekruttere folk. Eg håpar ein CD kan vera med å vekkje dei unge si interesse.
Og det er ei lang liste av kjende bergensartistar som bidreg til CD-en. Casiokids, Kakkmaddafakka, William Hut, Fjorden Baby, og Enslaved er somme av namna som kjem på plata. Sistnemnde lagar ein heilt ny sjanti.
– Mange av artistane som bidreg på CD-en kjem til å spela under festivalen. Det blir mellom anna konsert på fordekket av «Statsraad Lemkhul». Det kjem til å bli litt av ei oppleving, lovar prosjektleiaren.