Hopp til innhold

Vatn stengjer Bergensbanen i Hallingdal

Bergensbanen er stengt mellom Nesbyen og Gol. Det er uvisst når strekninga kan opna igjen.

Bergensbanen

STENGD: Reisande må byta til buss mellom Nesbyen og Gol. Bergensbanen er stengt på strekninga grunna flaum. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Knai, Vidar / SCANPIX

Store nedbørsmengder i Hallingdal gjer at Bergensbanen er stengt mellom Gol og Nesbyen. Vatn har skylt vekk massar under spora.

– Det vert buss for tog for passasjerane i Hallingdal. Me veit ikkje kva tid me kan opna igjen, seier Olav Nordli som er pressevakt i Jernbaneverket.

Dei første persontoga som vert ramma av stenginga er nattoga mellom Bergen og Oslo. I tillegg vert godstrafikken hindra.

Opnar ikkje igjen i dag

Jernbaneverket veit ikkje kva tid strekninga kan opnast for togtrafikk igjen.

– Me veit kanskje meir ut på dagen i morgon. Det er for tidleg å slå fast kva tid me kan opna igjen, seier Nordli.

Mykje vatn

Store nedbørsmengder har gjort at stein, jord og grus under skjenene har vorte vaska vekk.

– Det er mykje vatn i Hallingdal og massar under sporet er vaska vekk. Det er jo slikt som kan skje når det er flaum, seier pressevakta.

Håpar på å få avvikla trafikken

Det kan verta aktuelt å stenga ei noko større strekning. Men i første omgang satsar NSB på buss for tog mellom Gol og Nesbyen, mellom anna for nattoga.

– Det vert mest sannsynleg frå Nesbyen til Gol. Men Jernbaneverket vil gje oss føringar for kor me kan køyra, seier Håkon Myhre som er kommunikasjonsrådgjevar i NSB.

NSB satsar på at dei skal greia å avvikla dei planlagte avgangane med det togmateriellet dei har på kvar side av den stengde strekninga.

– Me har kontroll på situasjonen og håpar at me kan klara oss med det materiellet me har på begge sider. I første omgang ventar me på oppdatert informasjon frå Jernbaneverket, seier Myhre.

For detaljert informasjon for reisande viser NSB og Jernbaneverket til NSB sine nettsider.