Hopp til innhold

Bergensbanen stengd til 1. nyttårsdag

Bergensbanen blir stengd til i 1, nyttårsdag, melder Jernbaneverket. Dei må undersøke det 30 meter breie stein- og jordraset som sperrar Bergensbanen på Dale frå helikopter før banen kan opnast.

Eit 30 meter breitt stein- og jordras på Dale sperrar Bergensbanen, og ein køyreleidning er rive ned. – Steinane er store som kjøleskap, seier politiet.

STORE STEINAR: Raset på Dale sperrar Bergensbanen. Eit 30 meter breitt ras, med steinar så store som kjøleskap har rive med seg ein køyreleidning (Reporter Jon Bolstad/Fotograf: Dag Harald Kvammen Andersen).

Gunnar Amundsen

STENGT INNTIL VIDARE: Både Bergensbanen og Dalevegen er stengt inntil vidare, seier innsatsleiar Gunnar Amundsen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Det har gått eit stort ras like ved Dalegarden, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt til NRK like etter klokka 9.20.

– Raset har gått over både jernbanelinja og over Dalevegen, mellom to tunnelar. Køyreleidninga til toget er rive ned, så det vil bli forseinkingar på Bergensbanen i dag.

Ein køyreleidning er riven ned. – Steinane er store som kjøleskap, seier politiet.

30 meter breitt

Det skal ikkje vera nokon personar, bilar, eller tog som er tatt av raset på Dale i Hordaland. Politiet trur det vil ta tid å rydde staden då raset er svært.

– Steinane har blitt beskrive som store som kjøleskap, og det er folk på veg for å sjekke dette. Raset er beskrive som circa 30 meter breitt, så me må reikne med at det tar litt tid til å rydde opp, seier Kronen.

Tog står etter ras på Dale

TOGA STÅR: Eit tog står i ro ved Dale, retning Bergen. Raset har tatt med seg ein køyreleidning, og NSB har sett opp alternativ transport.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Politiet fekk melding om raset klokka 09.14, og det var ein person som var i området som varsla om saka.

Passerte eit kvarter før raset

NSB har fått stansa alle tog og evakuerer passasjerane.

– Rassikringsanlegget som er montert i området fungerte utmerka og varsla alle tog i god tid, så det var aldri noko dramatikk, seier Håkon Myhre, kommunikasjonsrådgjevar i NSB.

– Me er glad for at når noko slikt skjer, så skjer det utan at det er tog i umiddelbar nærleik. Eit tog på austsida av Dale, og eit på bergenssida av Dale vart stoppa. Det eine toget passerte eit kvarters tid før raset gjekk, seier han.

Alternativ transport er sett opp

Dei reisande som er om bord i lokaltoga i nærleiken av Dale blir no frakta med buss.

– Me har fått i gang ein foreløpig busspendel som dekkjer noko av behovet mellom Dale og Bergen, og mellom Arna og Bergen. Vårt fokus no er å løyse den alternative transportdelen for våre kundar, seier Myhre.

Busspendelen går mellom Stanghelle og Dale, medan det ventar tog på kvar side av denne strekninga.

Jernbaneverket kjem til å komme med ei utgreiing om kva som kan gjerast og kor raskt det kan gjerast. Det skal også komme ein geolog til staden for å vurdere faren for fleire ras.

Ras ved Dalegarden