Eit 400 meter langt godstog spora av på Saghaug holdeplass mellom Evanger og Bulken klokkka kvart over tre i natt.
Toget køyrte på ein eller fleire steinar før det spora av.
Store skadar
Ingen personar blei skadde i uhellet, men det er store skadar på togsporet.
Det vil difor ikkje gå tog på strekninga Voss - Dale før i romjula.
Det fortel informasjonssjef i Jernbaneverket region Vest, Inge Hjertås.
- Omlag 100 meter av sporet er øydelagd, og me har fått skadar på kontaktleidningsnettet vårt, seier han.
Oppryddingsarbeidet startar i dag når det blir lyst nok.
Reisande frakta med buss
Passasjerene på regiontogea køyrer buss mellom Bergen og Voss, medan dei reisande med lokaltoga blir køyrt med buss mellom Dale og Voss, opplyser NSB.
-Passasjerane skal komma fram, men dei må rekna med forseinkingar, fortel Hjertås.
Passasjerane på nattoget på veg til Bergen er frakta med buss frå Voss til Bergen.