Hopp til innhold

Bergensbanen opnar igjen

Dette skjer ved midnatt fredag kveld, opplyser Jernbaneverket.

Bergensbanen

Slik såg Bergensbanen ut onsdag morgon. I kveld skal alt vera reparert.

Foto: John Storhaug

Tysdag førte store nedbørsmengder til øydeleggingar på Bergensbanen . Etter fleire jord- og steinras hang store delar av skinnegangen i lause lufta.

Store delar av vegnettet blei også øydelagde i regnvêret, og det skapte problem for reperasjonsarbeidet. Jernbaneverket meldte difor at dei ikkje kunne opna Bergensbanen igjen før måndag, men no skjer det alt seint i kveld.

– Det er alltid problematisk å anslå kor lang tid slikt tar. Heldigvis så klarer me det mykje raskare enn det som var anslått, seier informasjonssjef nge Hjertaas i Jernbaneverket Region Vest.

– Kva betyr dette for NSB og passasjerane?

– Ulempa blir mindre for passasjerane som no slepp buss, så det betyr mykje for passasjerane. Men det betyr nesten meir for godskundane, for dei har smått med alternativ, seier Hjertaas.

Frå midnatt skal trafikken på Bergensbanen gå som normalt.