NRK Meny
Normal

Bergensbanen er opna

Toga går, men det vil bli ein del forseinkingar, seier Jernbaneverket. Europaveg 16 er framleis stengt.

Tog på Bergensbanen treft av jordras i Vaksdal
Foto: Hans-Erik Ringkjøb / 03030-tipsar

Bergensbanen opna klokka 22.45, melder Jernbaneverket.

Politiet fekk melding like før klokka 13.30 tysdag at eit 40 meter breitt jordras hadde gått i Vaksdal. Det store raset sperra både Bergensbanen og E16.

Sjølv om toga no går, må ein rekne med ein del forseinkingar.

Buss og båt for tog

Fram til Bergensbanen opnar, køyrer NSB buss på strekninga Arna–Garnes og båt mellom Garnes og Stanghelle for lokaltoga.

Passasjerbåt for togpassasjerer

BÅT FOR TOG: Her er passasjerbåten som førebels køyrer togpassasjerane mellom Garnes og Stanghelle.

Foto: Helene Vassbotten Lervik / NRK

Før i dag undersøkte geologar rasstaden og sette i gong med oppryddingsarbeidet under rasoverbygget.

Europaveg 16 opnar ikkje

– Det er ikkje rett at rasfaren er over. Det er framleis rasfare på vegen på den same strekninga, seier geolog Julie Bjølien som har vore på staden og gjort undersøkingar.

Sidan det framleis er rasfare vil ikkje Europaveg 16 opne i dag. Det vil bli gjort nye vurderingar i morgon.

– Jernbanen har rasoverbygg på denne strekninga, difor er det trygt for dei å rydde, forklarer ho.

Omkøyring er ved Romarheim eller for tunge køyretøy er det fylkesveg 7 over Kvamskogen, via Granvin.

Kø i Kvanndal

KØ: Kvart 20. min slepp bilane forbi ved Kvanndal og Granvin.

Foto: Yngve Vestrheim

Lange køar

Martin Hauso står og dirigerer trafikken i Granvin.

– Vi kom ikkje på plass her før kl. 17.00 og då var det heilt kork, men no går det greitt, seier Hauso.

Rundt kvart 20. min slepp bilane forbi ved Granvin og Kvanndal.

– Det er lang kø før kvar gong vi slepp forbi, seier Hauso.

Så lenge E16 er stengd blir trafikken på Rv 7 dirigert både ved Kvandal- Granvin og Øystese- Lepso.

Siste video

Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.
Programleder: Mariann Reikerås