Hopp til innhold

Bergensbanen opna etter tunnelbrann

Togstrekninga mellom Arna og Trengereid på Bergensbana er opna att etter tunnelbrannen laurdag. Framleis må reisande rekne med forseinkingar.

Bergensbanen

STORE FORSEINKINGAR: Stenginga førte til store forseinkingar på omtrent alle tog mellom Oslo og Bergen laurdag. NSB fortel at dei er betre skodd i dag, men at det framleis er forseinkingar. BaneNor jobbar på spreng med utbetringsarbeidet.

Foto: Bane Nor/NRK

Ved 6.30-tida laurdag morgon blei Bergensbana stengt etter ein brann i ein tunnel på Trengereid. Politiet opplyste klokka 9.50 at brannen var sløkt.

Søndag ettermiddag er det opna att for togtrafikk mellom Trengereid og Arna.

Laster Twitter-innhold

– Det vil framleis vere nokre forseinkingar, men etter kvart reknar vi med at trafikken skal gå som normalt igjen. seier pressevakt i BaneNor Randi Folke Olsen til NRK.

Store skadar

Bane Nor melder om store skadar etter brannen, kor det skal ha vore ei køyreleidning som tok fyr.

– Den største ut fordringa har vore eit sikringsanlegg som vart øydelagd i brannen. Dette er vi heilt avhengige av, og har brukt tid på å få ordna, fortel Olsen.

Vaktkommandør Arne Corneliussen i brannvesenet seier til Bergens Tidende at den brennande køyreleidninga truleg sette fyr på isolasjonsmatter i tunnelen.

Alle skadar og feil etter brannen er no utbetra.

– Arbeidet har vore effektivt med tanke på kor store skadane var. Våre folk har jobba natt og dag, seier Olsen.

Forseinkingar for dei reisande

Stenginga førte til forseinkingar for dei reisande, men søndag var situasjonen betre enn laurdag

– I dag er me betre skodd. Det er ingen sykkelritt, og me prøver å få inn nok bussar, sa pressevakt Håkon Myhre i NSB til NRK søndag morgon.

Håkon Myhre

Pressevakt Håkon Myhre i NSB

Foto: NSB / NSB


Toglinjene som var råka:

  • NSB Lokaltog Bergen–Myrdal
  • NSB Regiontog Oslo S–Bergen

Bussane som vart sett inn køyrde i utgangspunktet mellom Trengereid og Vaksdal.

Førte til store forseinkingar

Brannen førte til store forseinkingar på omtrent alle tog mellom Oslo og Bergen laurdag-

NSB jobba på spreng for å køyre alle dei reisande frå A til B, og det blei sett inn buss for tog mellom Bergen og Voss.

– For dei reisande er dette så klart beklageleg, men når det er ein tunnelbrann er det ikkje så mykje vi kunne ha gjort annleis, seier Olsen søndag ettermiddag.