Hopp til innhold

Fleire hundre passasjerar i kø etter togstans

Det var full stans i togtrafikken mellom Urdland og Evanger etter at eit tog reiv ned ei køyreleidning. Natt til måndag vart Bergensbanen opna igjen.

kø

I KØ: Fleire hundre togpassasjerar i kø på Urdland ventar på vidare transport til Bergen. Arbeidet tek lengre tid enn venta og NSB slit med å få tak i nok bussar til dei reisande.

Foto: 03030-tipser

SISTE: Natt til måndag er Bergensbanen open igjen, som planlagd.

Det var like etter klokka 11.00 sundag føremiddag at eit tog frå Myrdal vart ståande før Voss stasjon fordi ei køyreleidning vart riven ned.

Tek lengre tid enn venta

Kø

FORSEINKA: Det tek lengre tid enn venta å rette feilen etter at eit tog reiv ned ei køyreleidning.

Foto: Birgitte Sem

Etter planen skulle feilen vore retta sundag ettermiddag, men det tok lengre tid enn først venta, fortel Harry Korslund i Jernbaneverket.

Jernbaneverket har jobba på spreng med å rette feilen, men reisande måtte belage seg på venting, for arbeidet strekte ut i tid.

– Det er så mykje arbeid som må gjerast at me kjem til å halde fram til over i midnatt med å rette feilen, seier Korslund.

Det var om lag 150 meter med køyreleidningar som var rive ned Det er ganske store skader det er snakk om, fortel Korlsund.

– Kaotiske tilstandar

Arnstein Karlsen står i kø på Urdland for å kome seg til Bergen. Han fortel at det er kaos på Urdland med fleire hundre passasjerar i kø.

– Slik eg forstod er det dårleg med bussar. Det er mange utolmodige passasjerar her. Rett og slett litt kaotisk, seier Karlsen.

Pressevakt i NSB, Håkon Myhre, seier at reisande må belage seg på mykje venting.

– NSB køyrer så mange bussar som mogleg mellom Bergen og Urdland, men det er mykje folk det er snakk om, seier han.

– Me har slite i heile dag med å få tak i nok bussar alle. Difor står det mange menneske på Urdland og ventar på bussar og tog.

kø

MÅ TRULEG VENTE LENGE: Pressevakt i NSB, Håkon Myhre, seier at reisande må belage seg på mykje venting.

Foto: 03030-tipser