NRK Meny
Normal

Bergensbanen er opna att

Betongportalen ved Arna er sikra og Bergensbanen er opna att. Banen vart stengt etter at det vart oppdaga sprekkar i ein tunnelportal ved Arna stasjon etter ei sprenging.

tunnel

SPREKKAR I TUNNELPORTALEN: Det vart oppdaga sprekkar i tunnelporten mot Arna, då ei salve gjekk av i ettermiddag.

Foto: Jernbaneverket

Klokka 04.30 onsdag morgon, melder Jernbaneverket at Bergensbanen er opna att etter at betongportalen ved Arna er blitt sikra.

Det var klokka 13.15 etter ei salve under arbeidet med det nye løpet av Ulrikstunnelen skadane vart oppdaga. Den nye tunnelen blir bygd parallelt med den gamle og rutinen er at det vert gjennomført ein sjekk etter kvar salve for å oppdage skadar.

– Etter ei salve klokka 13.15 oppdaga vi sprekkar i tunnelportalen mot Arna stasjon. Dette må vi sjekke nærare før vi veit om ein kan setje inn trafikk, sa pressevakt i Jernbaneverket Inge Hjertaas tysdag.

Laster Twitter-innhold

Måtte sikre med boltar

– Vi må inn med boltar og sprøytebetong for å sikre tunnelopninga, sa pressevakt Inge Hjertaas i Jernbaneverket tysdag.

– Først når vi går i gang med arbeidet vil vi sjå det fulle omfanget av skadane. Det er ein fare for at arbeidet vil ta lenger tid enn planlagt. men det er snakk om timar før det er fullført, ikkje dagar.

Buss for tog

Inntil vidare vart det køyrt buss for tog mellom Bergen og Arna og mellom Bergen og Stanghelle. Passasjerar som skulle til Oslo vart køyrde til Dale stasjon.

Laster Twitter-innhold

Andre uhell på kort tid

I slutten av februar i år var det og eit uhell under arbeidet i den same tunnelen. Då vart det fyrt av ei salve på utsida av tunnelløpet, medan to personar var inni tunnelen.

– Hadde dei inni tunnelen blitt treft av steinane, kunne det gått gale. Men til alt hell er ingen blitt skadd, sa Jernbaneverket då.

Laster kart, vennligst vent...

STENGT ETTER ULYKKE: Bergensbanen er stengt mellom Bergen og Arna. Årsaka er ei sprengingsulukke under arbeidet med sprenging av den nye jernbanetunnelen frå Arna til Bergen.

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.