Hopp til innhold

Her er det størst risiko for forseinking

Tre av ti tog langs Bergensbanen er forseinka. Det er jumboplass på togstatistikken i Noreg.

Bergensbanen

Langs Bergensbanen er flest tog forseinka.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Lokaltog til og frå Bergen og regiontog langs Bergensbanen er dei mest forseinka toga i heile landet.

Tala kjem fram etter opptellingar i togtrafikken mellom januar og august i år.

- Me er ikkje nøgde med dette, seier strekningsleiar i NSB, Henning Lirhus.

Mange ute av rute

Nesten 30 prosent av toga mellom Bergen, Voss og Myrdal var ute av rute dei fyrste åtte månadane i år. Regiontog langs Bergensbanen hadde like mange forseinkingar.

- Tog langs Bergensbanen er mindre punktlege enn før, vedgår Lirhus.

Til forskjell er toget mellom Trondheim og Steinkjer i rute 91 prosent av tida.

Tog

Høgfjellsstrekningane langs Bergensbanen er problematiske for NSB.

Foto: Knai, Vidar / SCANPIX

- Årsakene til at Bergensbanen kjem dårleg ut på statistikken er mellom anna at det har vore mykje dårleg vêr på høgfjellstrekninga i vinter. I tillegg har me hatt feil på signal og problem med straumtilførsla. Nokre stader må ein også køyra saktare enn vanleg grunna dårleg skinnegang, seier Lirhus.

Andre region- og lokaltog i Noreg skiltar med å vera punktlege om lag 80 prosent av tida.

LES OGSÅ: 16 stengingar på Bergensbanen

LES OGSÅ: Bergenstoget seinka

Fleire passasjerar

Trass i fleire seinkingar: NSB Regiontog Bergensbanen har fire prosent fleire passasjerar enn same periode i fjor. Det same hadde lokaltoget mellom Bergen, Voss og Myrdal.

Lokaltoga i Bergen runda nesten ein million passasjerar dei fyrste åtte månadane av året. Bergensbanen var hakket dårlegare med halvparten.

Samtlege regiontog opplevde oppgang i talet på passasjerar i denne perioden. Best ut kjem NSB Regiontog Rørosbanen, som opplevde ein oppgang i passasjertal på 17 prosent.