NRK Meny
Normal

Nyt snøen mens du kan - natt til tysdag er det heile over

TOTLAND (NRK): Snø, nullføre og glitrande sol. Regnbyen Bergen har sin første skidag i midten av november. – Me er glade for kvar skidag me får, seier Birgitte Røksund.

Birgitte Røksund og Guttorm Oppedal

FØRSTE I ÅR: Birgitte Røksund debuterte i skisporet på Totland laurdag. Sundag fekk ho også Guttorm Oppedal med seg.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Dette er tidleg for å vera i Bergen, så me tar imot snøen med opne armar, seier Guttorm Oppedal.

Sol, snø og frostrøyk er ikkje ein kombinasjon regnbyen Bergen ser for ofte. Sundag hadde difor mange teke turen til Totland i Fana.

– Det er veldig herleg å gå på ski igjen. Eg var her i går også, så dette er årets andre skitur i Bergen, seier Birgitte Røksund.

– Ikkje akkurat «trikkeskinner»

Trass ein svært fuktig haust, har eit pust av vinter lagt snø fleire stader på Vestlandet denne helga. På Kvamskogen kom det nesten 30 centimeter snø natt til laurdag. Også i Samnanger er det gode forhold for ski.

På skianlegget i Fana har det snødd fredag og laurdag.

– På skistadion vil eg tru det er 10 centimeter, men om ein går skogsvegane i retning Bontveit ligg det 30–35 på det meste, seier Knut Gunnar Bakk, som køyrer løypene for Bergen kommune.

Han tok sjølv ein skitur etter enda økt. Han anslår det har vore ein plass mellom 150 og 200 bilar på parkeringsplassen i dag.

Både Røksund og Oppedal er medlem av Fana idrettslag. Klubben har mykje av æra for at skianlegget på Totland har blitt ein ynda stad for skigåarar dei siste åra.

– Det er gledeleg å sjå at så mange er ute på ski. Ønsket vårt er at det skal vera flest mogleg her oppe – når det er forhold til det, så klart, seier Oppedal.

Folk i akebakken på Totland

AKTE: I denne bakken koste både born og vaksne seg på akebrett sundag føremiddag.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Vêrskifte natt til tysdag

Og ifølgje meteorologen, ser det lovande ut for måndag. Eit vêrskifte er på veg, men det slår ikkje innover Vestlandet før natt til tysdag, då kan det bli våtare igjen.

– Det blir litt vind måndag og kanskje ei byge eller to. Temperaturane blir nok dei same som sundag, seier statsmeteorolog Marianne Skolem Andersen.

Så også meteorologen har tru på ein dag til med høve for ski på beina.

For dei som ikkje har fått testa skisporet i helga, har grunneigar Terje Riple gode nyheiter. Han vil brøyta løypa natt til måndag.

– Det er ikkje tele i jorda, så det blir fort blautt. Men det kjem til å bli kjempegode forhold her oppe også i morgon, seier Riple.

Skiføre på Totalnd 12. november 2017

35 CM: Knut Harald Bakk tok dette biletet sundag. Litt opp i høgda ligg det mellom 30–35 cm snø, anslår han.

Foto: Knut Gunnar Bakk

Ikkje bortskjemte

No håpar skigåarane snøen held.

– Det er ikkje akkurat «trikkeskinner» i sporet, men når det er snø så går me ut, seier Røksund.

Oppedal kryssar fingrane, men innser at statistikken ikkje er på hans side.

– Statistikken seier vel at snøen snart forsvinn, men eg håpar at han kjem igjen.