Hopp til innhold

Bergen ber om regn

Det har ikkje regna i Bergen på 35 dagar, og mange blir plaga av støv og forureina luft i finvêret. No vil bergensarane ha regnet attende!

Det er slik bergensarar er vande med å gå!
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Tru det eller ei, men mange i Bergen har no fått nok av finvêret, 35 dagar etter at det starta.

Støv og høg luftforureining ligg som eit lok mellom dei sju fjella.

Mange med astma og allergi må halda seg heima - dei får nemleg ikkje pusta.

Sel ingen paraplyar

Paraplyseljarane i Bergen sel normalt 10 paraplyar om dagen. Det skulle berre mangla - i regnbyen i vest.

Men bergensarane har ikkje hatt behov for paraplyar dei siste 35 dagane.

Det har stort sett vore blå himmel, sol og vindstille. Det er ein bar og tørr vinter i Bergen. 

 

Herman Friele
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Friele vil ikkje la bilen stå

Naturvernforbundet oppmoda i dag ordførar Herman Friele om å vera eit godt døme og la bilen stå ei veke.

Men Friele tek ikkje oppmodinga seriøst.

- Eg tykkjer dette er eit populistisk utspel. Eg er i Oslo i dag uansett, men eg trur ikkje det har så mykje å seia frå eller til om eg køyrer eller ikkje.

Sverre Stakkestad i Naturvernforbundet er allergikar, og får nesten ikke pusta når han går til jobb om morgonen.

Tidlegare i dag kom han med denne oppfordringa til bergensordføraren.

- Viss du er glad i byen din, Herman, let du bilen stå i ei veke!

- Vil ha liten effekt

- Eg trur det har usedvanleg lite effekt om eg eller hundre andre bilistar let bilen stå. Det er sjølvsagt dumt for allergikarane, men vêret rår me ikkje over, svarer Friele.

- Kva meiner du er løysinga då?

- Det at det ikkje regnar trur eg ordførarar kan gjera lite med. Eg får snakka fint med Kristeleg Folkeparti, og høyra om dei kan ha betre kontaktar enn meg, ler ordføraren.

Meterologen varslar litt regn i helga - men så blir det tørt att...