Hopp til innhold

BT tapte både på nett og papir

Bergens Tidende var den einaste av Norges fem største aviser som hadde ein samla tilbakegang på papir og nett i fjor. – Vi brukar kvar dag på å uroe oss.

Bergens Tidende aviser

MISTER LESARAR: Bergens Tidende har mista flest lesarar blant dei største avisene i Norge. – Rundt 30 bergensarar ringer inn kvar dag og seier opp abonnementet, seier administrerande direktør Andreas Thorsheim.

Foto: Trude Bakke / NRK

Avisa innførte i fjor ein betalingsmur for om lag kvar femte artikkel på nettsida, men likevel har dei ein samla nedgang. Det syner TNS Gallup si lesarundersøking for 2013.

– Vi brukar kvar dag på å uroe oss. Vi er veldig redde for at ein lesar skal seie oss opp. Rundt 30 bergensarar ringer inn til Bergens Tidende kvar dag og seier «takk for meg». Då er det vår jobb å få minst 31 nye til å seie« ja, takk, eg vil gjerne ha BT og BT sin journalistikk», seier administrerande direktør, Andreas Thorsheim.

Lesarane vil ikkje betale

Andreas Thorsheim

UROA: – Vi uroar oss kvar dag, seier administrerande direktør i BT, Andreas Thorsheim.

Foto: Jan M. Lillebø / BT

Ifølgje lesarundersøkinga til Mediebedriftenes landsforeining gjekk BT i fjor tilbake med 6,2 prosent. No står kampen om korleis dei skal vinne tilbake tapte lesarar, og få dei til å betale for journalistikken.

Antall lesere av nett- og papirutgaven

Avis

2013

2014

Endring

VG

2176000

2267000

4,2

Dagbladet

1401000

1452000

3,6

Aftenposten

1156000

1244000

7,6

Dagens Næringsliv

463000

502000

8,4

Bergens Tidende

345322

324000

-6,2

Kilde: Mediebedriftenes Landsforening og TNS Gallup Forbruker & Media.

Thorsheim understrekar at sjølv om 2013-tala viser nedgang, har det skjedd mykje sidan avisa blei lagt om i haust.

– Sidan oktober har i snitt 40 nye sagt ja til å betale kvar dag sidan vi gjennomførte endringane. Vi håper det held fram.

Men det er lettare sagt enn gjort. Hanna Hauge (20) frå Bergen er ein av dei som ikkje let seg freiste til å betale for journalistikk.

– Det er litt irriterande med det BT+ greiene. Det er gjerne dei sakene som er mest interessante, seier Hauge.

Likevel vil ho ikkje betale.

– Eg får vite det eg treng. Eg har eigentleg ikkje noko behov for å betale for det.

Vert følgt nøye med på

Dette er eit kjend problem for Thorsheim.

– Eg trur ikkje at dei som er fødd i 1990 og 1980 vil bli eit kull som har veldig stor avislesing, seier han.

Men situasjonen i Bergens Tidende er ikkje berre til uro hos avisa sjølv. Derimot er det interessant for heile Schibsted-konsernet å sjå korleis avisa taklar overgangen frå papir til nett.

– Eg trur Bergen er den avisbyen i Norge med hardast konkurranse. Det er ti lokalaviser og bydelsaviser inne i Bergen kommune, i tillegg til ei gratisavis, ei tabloidavis og ei regionsavis, seier Thorsheim.

(Saka held fram under biletet)

Bergens Tidende i Krinkelkroken

GÅR TILBAKE: Stadig fornying er det viktigaste våpenet BT har å stille med for å vinne lesarane tilbake, meiner administrerande direktør i BT.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

– Viktig med stadig fornying

Og nettopp difor er suksess eller fiasko viktig for ni fullskala mediehus i fire land og godt over 30 forskjellige publikasjonar.

For BT sin administrerande direktør er dei ikkje så uroa for at desse kikar over skuldrene på dei. Dei held fokuset på å vinne lesarane tilbake, og stadig fornying er ein del av svaret, meiner han.

– Vi må prøve å utvikle produktet vårt med å designe papiravisa på nytt, fornye magasinet, utvikle nettsida og gjere ein innsats for å få betalt for det utan at det irriterer lesaren utover det rimelege. Og det er den sporten vi held på med, så håpar vi berre at vi får det til.

Han peiker også på at det for tala så langt i 2014 gjev grunn til å vere positiv. I mars har BT 2000 fleire abonnentar enn på same tid i fjor.

– Vi har framgang i lesartala i Bergen og omland, det er det som har betydning for oss og annonsørane, seier Thorsheim.