I løpet av førre barnehage år mista 44 born i Bergen barnehageplassen sin fordi foreldra ikkje gjorde opp for seg.
Det nye byrådet i Bergen, beståande av Ap, KrF og Venstre, lovar i sin plattform at det skal bli slutt på dette.
– Utgangspunktet er både norsk lov og barnekonvensjonen. Borna sitt beste skal leggast til grunn, og dei skal ikkje miste barnehageplassen, seier påtroppande byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap).
- LES OGSÅ:
Hundrevis av born har blitt kasta ut
Bergen er slettes ikkje den einaste kommunen som har kasta ut barnehageborn fordi foreldra ikkje har betalt.
Ei kartlegging NRK har gjort i dei 50 mest folkerike kommunane i landet viser at minst 520 barn har mista plassen dei siste tre åra. Det reelle talet er langt høgare sidan fleire kommunar ikkje har greidd å komma opp med tal på kor mange barn det faktisk er snakk om.
Bergen er den første storbykommunen i Noreg som går vekk frå praksisen.
- LES OGSÅ:
– Går utover dei som har det vanskelegast
– Dette er veldig positivt, og viser at Raudt speler ei viktig rolle i bystyret ved å seie ifrå når noko er forferdeleg gale, seier Sofie Marhaug i Raudt.
Partiet var det einaste i bystyret i Bergen som ikkje ville bruka oppseiing som straff då saka var oppe i bystyret i 2013.
Ho er nøgd med at bystyrefleirtalet har snudd.
– Det er viktig fordi at det å kaste ut born av foreldre med dårleg råd er utruleg dårleg politikk. Det går utover dei som treng barnehagar aller mest, seier Marhaug.
- LES OGSÅ:
Fryktar familiane blir gjeldsslavar
Avtroppande oppvekstbyråd i Bergen Jana Midlefart Hoff (H) fryktar at det er eit feiltrinn å la barn behalda plassen sjølv om foreldra ikkje betalar for seg.
– Ei ordning der det å setje seg i gjeld ikkje får nokon konsekvensar kan det vere ekstremt uheldig for familiane på lang sikt. Det kan bety at ein familiane ikkje får hjelp til å kome seg inn i andre ordningar, seier Midelfart Hoff.
Sist Bergen hadde ei ordning der barna ikkje kunne mista plassen skulda på det meste over 1100 foreldre pengar til kommunen. Fleire hadde ei gjeld på over 100.000 kroner.
- LES OGSÅ:
– Skal betale for seg
Den påtroppande byrådsleiaren fryktar ikkje at det å la vera å betala rekningane vert bagatellisert. Han meiner kommunen kan drive inn pengar med andre middel.
– Foreldre som ikkje gjennomfører sine økonomiske forpliktingar til Bergen kommune må følgjast opp. Ein må gjere opp for seg, men det skal ikkje gå utover borna, seier Schjelderup.
- LES OGSÅ: