Skal hindre 13-åringer å ruse seg

Ungdom ned i 13-års-alderen startar med narkotika i Bergen, medan ein i Odda har stoppa rekrutteringa. No vil politikarar i Bergen lære.

Video Narkotika og LAR

TIDLEG UTE: - Vi må hindre at ungdom startar, slik dei har fått til i Odda, seier politioverbetjent Svein Bjørn Losnegaard.

Foto: NRK

– Brukarane vi har fungerer betre i dag enn dei gjorde tidlegare, rekrutteringa blant unge har gått ned og i tillegg ser vi at ungdomsmiljøa er sunne og friske, seier ruskoordinator Roald Aga Haug i Odda kommune.

Narkoeksplosjon i Sunnhordland

Døden nær etter spritfest på Voss

GHB-frykt i Odda

Nøkkelen til suksess

Han plasserte i går helsepolitikarane i Bergen på skulebenken. Gjennom nitid kartlegging av rusmisbrukarane og tett kontakt med ungdomsmiljøet har ein klart å stoppa rekrutteringa til rusmiljøet blant unge i Odda. Tettare kontakt med dei narkomane har vore ein viktig nøkkel.

– Dei beste informantane er dei som er i miljøet sjølve. Vi får fort vite om når ungdommar kjem inn i det tyngre miljøet. Det å ha ein god oversikt og tett kontakt med brukarane, er rusforebyggande etter vårt syn, seier Aga Haug.

– Svært god kontroll

– Viss vi samanliknar Odda med andre kommunar, ser det ut som kommunen har svært god kontroll grunna samarbeid på tvers av etatar, seier politioverbetjent Svein Bjørn Losnegaard. I Bergen er situasjonen ein heilt annan når det gjeld nyrekruttering til rusmiljøa.

– Vi ser stadig at ungdom helt ned til 13 år byrjar med rus, seier Losnegaard.

– Det må vere ei suksesshistorie når dei no har stoppa nyrekruttering, seier komitéleiar Oddny Miljeteig frå SV. Ho er overtydd om at Bergen må læra av veslebroren i Hardanger.

Oddny Miljeteig

VIL LÆRE: SVs Oddny Miljeteig meiner Bergen må se til Odda.

Foto: Hanna Seferowicz / NRK

- Må syne at vi bryr oss

Også Hans Edvard Seim frå Høgre meiner Bergen bør bygga vidare på den tette kontakten Odda kommune har fått med rusmiljøet i industribyen.
– Eg trur vi må lære å være nær dei menneska det gjeld og vise at dei tilsette i kommunen bryr seg, seier Seim.

Rekordstor innføring av GBL

Vil overvåke Nygårdsparken

Metadon løser ikke narkoproblemet

– Test barna om du har mistanke

NRK anbefaler

Siste video

På Universitetet i Bergen redder de daglig måseunger. Problemet er at de blir lokket av lys og roter seg inn på steder de ikke kommer seg uten igjen fra.

Måkeredning på Universitetet

På Universitetet i Bergen redder de daglig måseunger. Problemet er at de blir lokket av lys og roter seg inn på steder de ikke kommer seg uten igjen fra.

Mange av tiggerne ser ut til å ha droppa Stavanger i sommer - til fordel for Bergen. Der er det nemlig en dobling av tiggere nå i sommer.

Tiggere drar fra Stavanger til Bergen

Mange av tiggerne ser ut til å ha droppa Stavanger i sommer - til fordel for Bergen. Der er det nemlig en dobling av tiggere nå i sommer.

I kveld speler Razika konsert for bebuarane på Landås mottak.

Razika på Landås mottak

I kveld speler Razika konsert for bebuarane på Landås mottak.