Hopp til innhold

Bergen varslar kamp om Brækhus

Bergen vil slå knockout på Oslo for å få Brækhus sin fyrste kamp til byen. – Ho veit kvar ho kjem frå, ho kjem frå Bergen, seier idrettsbyråd Helge Stormoen.

Cecilia Brækhus

KJEMPAR OM BRÆKHUS: Telenor Arena og Oslo Spektrum vil begge ha bergensboksaren sin fyrste kamp. No kastar Bergen seg inn i kampen om å få Brækhus til byen.

Foto: Ã…serud, Lise / NTB scanpix

I går blei de klart at det 33 år gamle forbodet mot proffboksing i Noreg, blir oppheva. Det betyr mellom anna at Cecilia Brækhus kan forsvare VM-titlane sine i eige land.

Boksearrangørene

OSLO? Her vil austlendingane ha Brækhus fyrste kamp: i Telenor arena eller i Oslo Spektrum.

Men kvar i landet Brækhus skal bokse sin fyrste kamp, står att å sjå. I Oslo- regionen vil både Oslo Spektrum og Telenor Arena meir enn gjerne ta i mot verdsmeisteren, men det får dei ikkje utan å gå ein runde i ringen med bergensarane.

– Ho veit kvar ho kjem frå, ho kjem frå Bergen. Me vil svært gjerne at Bergen skal vere arena for Cecilia Brækhus sin debut som proffboksar i Noreg, seier idrettsbyråd Helge Stormoen (Frp).

Trekker trådar for Brækhus

Vennebyen-show i Vestlandshallen

BERGEN? Vestlandshallen i Bergen er eit av forslaga frå idrettsbyråd Helge Stormoen (Frp).

Foto: Vennebyen / Creacon
Stormoen ny byråd

– HO VEIT KVAR HO KJEM FRÅ: Idrettsbyråd Helge Stormoen (Frp) håpar Cecilia Brækhus vil velje Bergen som arena for sin fyrste kamp i Noreg.

Foto: NRK

Stormoen vedgår at dei trekker litt i trådane for å få Brækhus fyrste kamp til Bergen.

– Me vil vere sterke pådrivarar for at kampen skal skje her, seier Stormoen.

Han meiner bergensområdet har tre hallar som kan vere aktuelle.

  • Vestlandshallen i Bergen
  • Tennisanlegget på Slettebakken i Bergen
  • Sotra arena

– Alle desse hallane er modne til å ta slike arrangement. Men det er andre aktørar som er på bana her også, så me må berre sørge for at fasilitetane våre er så gode som mogleg, seier idrettsbyråden.

Han vil ikkje seie om han har fått forsikra frå managementet til Brækhus at ho vil bokse sin fyrste kamp i Noreg i Bergen.

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere

LES OGSÅ: Brækhus-kamp kan drøye til over sommeren

Brækhus-teamet drøymer om Bergen

Både Telenor Arena og Oslo Spektrum har vore i kontakt med Team Sauerland, promotorane til Brækhus. Kommersiell manager for Cecilia Brækhus, Rune Brynhildsen har tidlegare sagt til NRK at Brækhus gjerne vil til Bergen.

Cecilia Brækhus

OPPHEVA FORBOD: Det var ein strålande fornøgd proffboksar som i går fekk feire opphevinga av proffboksings-forbodet.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Me har ingen favorittarena. Men det er klart at det er mange kjensler for Cecilia knytt til Bergen. Det er ingen tvil om det, seier manageren.

– Me har ein våt draum om at bergensarane vil gå den ekstra mila for Cecilia. Viss dei legger tak over Brann Stadion, så fyller ho Brann Stadion, seier Brynhildsen.

Han understrekar at det er ikkje er tatt ei avgjersle om kvar den fyrste kampen skal stå.

LES OGSÅ: – Misunnelig på de som er aktive i dag