NRK Meny
Normal

Bergen tok farvel med uteliggar Otto (89): – Du spreidde mykje glede

MARIAKIRKEN (NRK): «Ottoen» døydde julaftan, 89 år gamal. I dag tok ei nesten fullsett kyrkje farvel med Bergens mest kjende byoriginal.

Kiste Ottoen

HJARTEROM: For mange bergensarar var Otto Fredrik Wollertsen både kjent og kjær. Han blei bisett i Mariakirken.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

«Ottoen» har gjort inntrykk på Bergen. Då han gjekk bort julaftan, var han 89 år. Han var ein byoriginal alle visste kven var, men få kjende.

– Du var så trygg og god. Du var deg sjølv og hadde dine eigne oppfatningar om kva som gjekk an, seier Solveig Nilsen, dagleg leiar på Bakkegaten bo- og omsorgssenter, der Otto budde dei siste åra av livet.

Nokon hundre personar samla seg i Mariakirken då Otto Fredrik Wollertsen skulle bisettast.

– Han var noko kjent, fredfullt og føreseieleg i ei elles skiftande byverd, sa prest Hildegunn K. Isaksen.

Otto «Ottoen» Fredrik Wollertsen gikk bort julaften 2016. 6. januar ble han bisatt fra en fullsatt Mariakirken i Bergen.

VANLEG SYN: Slik var bergensarane vane med å sjå Otto. Sjå video av byoriginalen sitt liv.

Valde fridom og duer

Då Otto var ung drøymde han om eit liv på sjøen. Slik skulle det ikkje gå. I staden hadde han mange ulike jobbar, før han til slutt gjorde eit utradisjonelt val som førte han ut på gata: Han valde den fridommen han var så glad i.

– Han begynte for seg sjølv, som han sa. Då blei han gatemusikar, fortel Nilsen.

Med sin krokete rygg og munnspelet i munnen sat han ofte på gata. Eller spelte kassettar til forbipasserande. Ofte med duer flygande rundt seg.

– Duene kjende Otto, dei var hans venner, fortalde Nilsen.

Mykje av pengane han tente gjekk til brød til desse fjørkledde. Dei kom ofte flygande frå taket på Mariakirken då Otto gjekk forbi, saktare og saktare for kvart år.

Otto Fredrik Wollertsen, eller Ottoen blir bisett i Mariakirken.

SONG TIL OTTO: – Eg gir mat til duene, dei må ha det godt. Eg matar duene, ja, livet er så godt, song Helge Jordal under bisettinga. Songen blei laga av Johannes Kleppevik og Fred Ove Reksten og heiter «Eg gir mat te duene».

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Otto og engelske lordar

​Etter kvart innhenta alderen Ottoen. I 1992 blir han overtydd om å flytte inn i Bakkegaten bu- og omsorgssenter.

Han var meir enn berre takksam, Otto. Han kjende seg til og med privilegert, fortel Nilsen. Ein gong då han fekk han hjelp på Bakkegata bu- og omsorgssenter sa han med glimt i auga:

– Lordane i England, dei har også tenarar.

Otto Fredrik Wollertsen, eller Ottoen blir bisett i Mariakirken.

NESTEN FULLT: Mange ville vera med å seie farvel, og å synge «Deilig er jorden» for Otto.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Ein del av bysjela

Alle som kjende Otto var opptekne av kor annleis han var, og kor fint nettopp dét var: korleis han var stilla i vår hektiske kvardag. Sjølv om han levde eit tøft liv, trekte han alltid fram dei lyse dagane.

– Han gjekk i sitt eige tempo medan vi andre skunda oss rundt. Han gjorde ting på sin eigen måte, sa Nilsen.

Den frammøtte forsamlinga avslutta bisettinga med høgtideleg allsong av «Deilig er jorden», songen Otto sjølv framførte i Grieghallen for nokre år sidan.

– Han var ein del av sjela til Bergen, sa Isaksen.

På éin måte er han framleis det: I 2013 blei han portrettert av gatekunstnaren Argus, og heng no i Vestre Skostredet – framleis omringa av duer.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.