Hopp til innhold

Bergen snur og seier ja til å bygge leikeplassar med gummiunderlag

Miljøpartiet og bompengepartiet sikra fleirtal for å oppheve ferskt plastforbod, sjølv om det vil føra til utslepp av mikroplast frå leikeområde.

Diane Berbain på Klosterhaugen leikeplass på Nordnes

TAP: SVs Diane Berbain på Klosterhaugen leikeplass på Nordnes. I går fekk ho fleirtalet mot seg. Gummimatter skal framleis vera lov på leikeplassar i Bergen.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I september vedtok bystyret i Bergen å ikkje kjøpa inn fleire fallunderlag av plast og gummi til skular, barnehagar og leikeplassar.

Kommunen skulle også laga ein plan for å fjerna eksisterande dekke. Foreldre har fortvilt over vedtaket, fordi det førte til at utbygging av nye leikeplassar til over 1300 elevar vart sett på vent på ubestemt tid.

Det vart difor godt motteke då det nye byrådet i Bergen, med Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i spissen, foreslo å oppheve det tre månadar gamle vedtaket.

Trass store protestar frå SV og Høgre, vart vedtaket snudd i Bergen bystyre onsdag kveld.

FNB: – Pragmatisk av MDG

Byrådet fekk støtte frå Senterpartiet, Framstegspartiet og Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB).

– Det handlar ikkje om kva partia heiter. I denne saka har MDG vore like pragmatiske som oss, seier gruppeleiar Trym Aafløy i FNB.

Årsaka til at byrådet ville oppheve plast- og gummiforbodet er at det ikkje finst gode alternativ til gummiunderlag på marknaden no, meiner miljøbyråd Thor Haakon Bakke (MDG).

– Sjølvsagt kan vi køyra på med sand, fallsingel, gras og bark, og ein kan meina at borna bør kunna blø meir, og at leikeapparat ikkje må vera tilgjengeleg for folk med funksjonsnedsetting. Men eg er ikkje berre miljøbyråd, eg er òg byråd for at byromma skal vera tilgjengelege for alle, seier Bakke til NRK.

Byråd Thor Haakon Bakke

FINN INGEN ALTERNATIV: Miljøbyråd Thor Haakon Bakke seier at dei arbeidar så fort dei kan for å finna gode alternativ til gummiunderlag.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Kjenner ikkje miljørisikoen

Fleire utbyggingar av leikeområde stod altså på vent etter at bystyret forbaud alle former for gummi- og plastunderlag i september.

Med gårsdagens vedtak blir det lov å bruke heilstøypte gummiunderlag. Dei kan framleis vera kjelde til utslepp av mikroplast. Kor stor miljøfaren er, veit ikkje byrådet.

– Mange tusen born får no leikeområda dei har venta på. Dei nye dekka smuldrar mindre enn dei gamle, seier skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap).

– Burde ein ikkje visst meir om kor mykje mikroplast desse underlaga fører til?

– Jo, det kan du seia. Samstundes har andre kommunar brukt desse gummimattene i lang tid, med gode erfaringar. Alternativet ville ha vore å gjera tilbodet til born i Bergen dårlegare, seier Engø.

Linn Kristin Engø (Ap), byråd for barnehage, skole og idrett i Bergen

GLAD FOR VEDTAK: Skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap).

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

SV og Høgre var mellom partia som røysta mot vedtaket i går. Begge meiner det finns gode alternativ til gummi og plast.

Diane Berbain (SV) meiner byrådet også har undervurdert risikoen ved at barn og dyr kan få i seg granulaten.

– Her kunne byrådet bidratt til berekraftige løysingar. Men dei vel å berre gå vidare, medan mikroplast-berget aukar dag for dag.