Hopp til innhold

Kommunen til sak mot Helse Bergen og Entra

Helse Bergen seier dei har investert store summar i bygningane. No vil Bergen kommune overta dei gratis.

Strømgaten 1 Kunsthøgskolen i Bergen

VIL TA OVER GRATIS: Bergen kommune vil ha hand om Kunsthøgskolen sitt bygg i Strømgaten frå Entra Eiendom.

Foto: KHIB

I dag kunne NRK fortelje at Bergen kommune har saksøkt Hordaland fylkeskommune etter ein årelang krangel om eigedomar.

LES MEIR: Bergen saksøker fylkeskommunen

No er det klart at kommunen har stemna også Helse Bergen og Entra Eiendom.

Eiler Macody Lund

BYRÅD: Eiler Macody Lund (Frp).

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Alle desse tre verksemdene er ein del av dei som fekk eigedommar i denne Anger-avtalen, forklarer finansbyråd i Bergen, Eiler Macody Lund (Frp).

I samband med at Bergen bykommune i 1972 vart ein del av Hordaland fylkeskommune, vart ei rekkje eigedommar overført gratis til fylkeskommunen. I fordelinga av eigedommar blei Anger-avtalen inngått.

No er fleire verksemder involvert i det som går mot rettssak, over 40 år etter at avtalen blei inngått.

Vil ha Kunst- og designhøgskolen

Entra Eiendom er stemna av kommunen fordi kommunen vil ha tilbake eigarskapet til Kunst- og designhøgskolen sitt bygg i Strømgaten.

Frå Helse Bergen vil kommunen ha tilbake Knappentunet på Søreide og Moldbakken 9 og 9a, ved Sandviken sjukehus.

– Desse eigedommane var opphavleg ein del av Hordaland fylkeskommune før den store helsereforma gjorde at dei blei overført til Helse Bergen, seier Macody Lund.

Helse Bergen og fylkeskommunen har avvist krava.

– Den einaste av desse tre verksemdene som aksepterer at det er ein Anger-avtale og ein slik klausul, er Entra. Dei seier ja, det er heilt rett, de skal ha bygget tilbake vederlagsfritt. Og det held vi på med no, seier Macody Lund.

Helse Bergen: – Vi har investert store summar

Helse Bergen ville helst løyst saka utanfor rettssalen, men meiner det kan bli greitt at retten får vurdert saka.

– Vi tar til etterretning at vi har teke imot eit søksmål. Når det er sagt, skulle vi svært gjerne sett at saka kunne bli løyst utanfor rettsapparatet, seier Gro Aarli, avdelingssjef ved arealkoordinering i Helse Bergen.

– Bergen kommune er ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane våre. Og vi har gjort, meiner vi, ganske mange forsøk på å komme til einigheit, seier Aarli.

– Kvifor vil de ikkje gje desse bygningane tilbake vederlagsfritt?

– Vi har nok ei ulik tolking av både faktum og reglar her. Og det er nok ei prinsipiell side av saka som vil vera greitt å få kasta lys over i retten. Til dømes at kommunen vederlagsfritt krev tilbake eigedomar Helse Bergen har investert store summar i dei seinare åra, seier Aarli.

LES OGSÅ: Bergen saksøker fylkeskommunen