NRK Meny
Normal

Bergen med nye vêrrekordar

Det har hølja ned i Bergen det siste halve året. Det elendige vêret har gitt byen tre nye rekordar.

Regnvær i Bergen

KLISSVÅT: Det har kome rekordmykje nedbør i Bergen i 2015.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Meteorologane sin beskjed til bergensarane er tydeleg i ettermiddag:

Laster Twitter-innhold

2015 har altså vore klissvåt i Vestlandets hovudstad. Ikkje sidan 1990 har det regna like mykje i Bergen som frå januar til og med mai i år.

– Det er snakk om ei dobling med nedbør. Det har rett og slett vore klissvått til no i vår, seier Kjersti Opstad Strand ved Vervarslinga på Vestlandet.

Regn, regn, regn

Spesielt mai har vore ein kald og regnfull månad i byen. Vêrstasjonen på Florida har målt 216 millimeter med nedbør på 28 dagar.

– Også det er 200 prosent over normalen, og rekord sidan målingane starta på Florida i 1983. Me må tilbake til 1922 for å finna ein våtare mai, då var det målaren på Nordnes som var offisiell stasjon, forklarar Opstad Strand.

Kikkar ein tilbake på slutten av 2014 får Bergen ein tredje nedbørsrekord å skryta av. I vinterhalvåret frå 1. november til 31. mars kom det 2177 millimeter nedbør, noko som er soleklar rekord.

Dårlege vêret held fram

Spørsmålet mange har stilt seg i Bergen dei siste vekene er når sommaren eigentleg skal komma. Opstad Strand seier ein framleis må smørja seg med tolmod, heller enn solkrem.

– Det har vore mykje nedbør både vinter og vår, så slik sett kan jo dette berre gå ein veg. Men diverre er det meldt nedbør også til helga, så mai kan legga til enno fleire millimeter med nedbør til rekordstatistikken sin.

– Det blir påfyll med bygevêr og ustabilt vêr laurdag, medan søndagen ser noko betre ut, avsluttar Opstad Strand.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.