Hopp til innhold

Bergen krev større oppgåver enn andre

Bystyrefleirtalet i Bergen vil at storbyane skal få bestemma meir enn mindre kommunar. – Det skapar a- og b-lag, meiner kritikarar.

Bergen rådhus

DEI STØRSTE FÅR BESTEMME MEST: I går gjekk fleirtalet i bystyret inn for at det er på tide at Bergen og andre storbyar får bestemma meir enn mindre kommunar.

Foto: Runa Victoria Engen

I går gjekk fleirtalet i bystyret inn for at det er på tide at Bergen og andre storbyar får bestemma meir enn mindre kommunar. Dette skjedde då bypolitikarane starta jobben med kommunereforma i Bergen.

– Om større kommunar blir gitt langt fleire oppgåver enn mindre kommunar, kan det både føre til sentralisering og at innbyggjarane i mindre kommunar får eit dårlegare tilbod, seier Harald Schjelderup frå Arbeidarpartiet.

Han meiner innbyggarane i mindre kommunar vil få eit dårlegare tilbod om fleirtalet i bystyret får viljen sin.

– Eg trur Bergen kommune vil klare seg fint, men eg er uroa for resten av Hordaland

Pål Karbø, leiar i Hordaland KrF

Går vekk frå kampsaka

I går starta bergenspolitikarane prosessen med kommunereforma. Ønsket til Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF er at Bergen og dei andre storbyane bør få overført større oppgåver enn andre kommunar.

Samstundes går Høgre og Frp vekk frå kampsaka om å kutta ut nivået mellom kommune og stat, der dagens fylkeskommune er. Eit forslag dei uansett ikkje ville ha fått fleirtal for.

– Veldig langt på veg har bystyret i dag sagt at ein erkjenner eit tredje nivå, seier Dag Skansen, gruppeleiar i Dag Skansen.

Dag Skansen

GÅR VEKK FRÅ KAMPSAKA: Høgre og Frp går vekk frå kampsaka om å kutta ut nivået mellom kommune og stat, der dagens fylkeskommune er.

Foto: Høyre.no

Likevel ønskjer Skansen for at Bergen kan overta oppgåver som i dag ligg under fylkeskommunen.

– Vi er meir opptatt av kva oppgåver Bergen skal ha som storby-kommune, enn om det er fylke eller kommune, seier Skansen.

Dårlegare tilbod

Leiar i Hordaland KrF, Pål Kårbø, er ikkje glad for vedtaket til sine eigne i Bergen. Han fryktar resultatet kan verta at større oppgåver til storbyane – vil bety eit dårlegare tilbod til resten av kommunane.

– Eg trur Bergen kommune vil klare seg fint, men eg er uroa for resten av Hordaland, seier Karbø.

Erlend Horn frå venstre fryktar ikkje noko a- og b- lag sjølv om Bergen skulle overta oppgåver som kollektivtrafikk og vidaregåande skular.

– Det er ingen tvil om at større kommunar som Bergen bør ha nokon fleire oppgåver enn mindre kommunar, men eg meiner at ikkje er noko å frykta, seier Horn.