NRK Meny
Normal

Bergen kommune vil ha klimaby – utbyggar fryktar store tap

Byrådet i Bergen vil samla bustadbygging i sju konsentrerte område med gangavstand til kollektivtilbod. No fryktar utbyggarar at millionar av kroner kan gå tapt.

Per Christian Stoltz

UTBYGGAR: Per Christian Stoltz fryktar milliontap.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I landlege omgjevnadar på Dyngeland i Fana ligg nedlagde gardar, og einebustadene står spreidd. Området ligg eit kvarters køyretur frå Bergen sentrum.

Per Christian Stoltz viser fram dette området fordi bergensselskapet Stoltz bustader ønskjer at det skal byggjast her.

– Det er barnefamiliar vi ser føre oss. Og tenkjer oss rekkehus og leilegheiter, fortel Stoltz. Bergensselskapet ønsker å byggja rimelege familiebustader

I snart ti år har dei jobba for å bygga ut det som kan bli 1700 bustader. Og nesten 20 millionar kroner er lagt ned.

  • Her er dei sju fortettingsområda:
    • Sentrum
    • Åsane
    • Indre Arna
    • Fyllingsdalen
    • Loddefjord
    • Blomsterdalen
    • Nesttun/Lagunen
Konsentrert boligbygging Bergen

Fryktar planane blir stogga

I morgon skal prinsippa for kor det i framtida skal byggjast bustadar i Bergen opp i bystyret. Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) foreslår å konsentrera bustadbygginga i sju relativt konsentrerte område med gangavstand til sentrumsområde og kollektivtrafikk.

– Det er på høg tid å gjere denne innstramminga. Men det vil bety tommel ned for mange av dei prosjekta som fører til bustadspreiing og transportbehov, seier Tryti.

Og med denne planen fryktar utbyggaren at fortettingspolitikken til byrådet i Bergen skal setta ein stoppar for planane på Dyngeland – og i ei rekkje andre mindre sentrale utbyggingsområde.

– Vi er redde for at det ikkje kjem til å skje noko på dette området, seier Stoltz.

Anna Elisa Tryti

STRAMMAR INN: Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ønsker ein miljøvenleg by

Dei siste tiåra har bustadbygginga i Bergen i stor grad skjedd i ytterkantane av kommunen. Tryti vil den utflytande byen til livs.

– Vi ønskjer å utvikle ein klima- og miljøvennleg by. Det vil seie redusert spreiing av bustader, seier ho.

Endringa vert gjort for at flest mogeleg skal kunna gå, sykla eller reisa kollektivt.

Dei neste 15 åra skal det byggjast opp mot 30.000 bustadar i Bergen. Tryti meiner det vert mogeleg sjølv om ho i praksis innfører byggjeforbod i store delar av byen.

Per Christian Stoltz meiner derimot ein kan gløyma å byggja nok bustadar om alt skal skje i gangavstand til bybanestopp og bydelssentera.

Ein by for dei rike?

– Det blir feil å konsentrere seg så mykje om dei sju områda, utan å tillate andre i tillegg. Skal ein byggje i den takta som er målet, så har ein i alle fall ikkje fått til noko slikt før.

Utbyggjaren fryktar at konsekvensen vert at familiar med dårleg råd flyttar ut av Bergen – og at ein dermed ikkje får ned transportbehovet.

– Vi ser jo at det er mange som flyttar ut av byen, men har jobben i byen. Då blir det jo meir trafikk. Det er jo ikkje positivt – særleg ikkje for miljøet, seier Stoltz.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.