Hopp til innhold

Kjøper nabolag til 50 millionar for å unngå utleige-getto

BERGEN (NRK): Kommunen tek uvanleg grep og blar opp for å hindra fleire utleigebustader i belasta bydel.

Vågedalen på Laksevåg

TOMT: Byrådet ønskjer å kjøpa i alt åtte eigedommar på Laksevåg i eit spøkelses-nabolag. Målet er å nytta eigedommane til byutvikling og hindra fleire utleigebustader.

Foto: Mariann Gjerde / NRK

– Dette er eit forsøk på å unngå ein klassedelt by, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap).

Byrådet i Bergen ber no om grønt lys frå bystyret om å kjøpa i alt åtte eigedommar i bydelen Laksevåg. Her finst ti tomme leigegardar med i alt 56 leilegheiter og prisen er 50 millionar kroner.

Målet er å nytta eigedommane til byutvikling og hindra fleire utleigebustader i ein bydel som allereie har relativt mange kommunale bustader og private utleigebustader.

– Å unngå at dette området har så mange utleigebustader er viktig, seier sosialbyråd Erlend Horn (V) om planane i bydelen som nokre stader har utfordringar.

Planen er å rive bustadane og frigjera området til nybygg.

vågedalen

Vil sikre areal

Byrådet vil altså ikkje nøya seg med å berre vera reguleringsmynde, men også kjøpar og eigar av ei tomt.

– Då får vi kontroll på byutviklinga i eit område vi ønskjer å satsa i. Vi gjer dette for å sikra oss mogleg tomteareal til alt frå idrettshall, skular og barnehagar. Vi vil gi plass til barnefamiliar, seier Tryti.

Det var Obos som eigde leigegardane. Leilegheitene har stått tomme sidan november 2017 fordi Obos hadde planar om å byggja ut til 130 leilegheiter.

Men interessa har vore så låg at dei var villige til å selja til eit anna selskap.

Sidan kvar av leigegardane inneheld fleire enn seks leilegheiter, kunne Bergen kommune koma inn frå sida og nytta seg av den lovfesta forkjøpsretten.

Dag Inge Ulstein, Anna Elisa Tryti og Erlend Horn

VIL KJØPA: Frå venstre; Finansbyråd Dag Inge Ulstein (KrF), byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) og sosialbyråd Erlend Horn (V).

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Minner om Sovjet

Tor Woldseth (Frp) er ikkje begeistra for ideen om å bruke 50 millionar kroner på å kjøpe eigedommane.

– Dette minner meg om ein sovjetisk måte å gjera ting på. Stat og kommune vil stadig eige meir, seier opposisjonspolitikaren.

Han er kritisk til det han meiner er hindring av private aktørar.

– Vi har fått ein kommune som renn over av pengar og dei byrjar å operera som eigedomsspekulantar. Det verkar veldig spesielt.

Tor Woldseth

SKEPTISK: Tor Woldseth meiner kjøpeplanane til byrådet minner om kommunistiske tider.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Klør i fingrane

Finansbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) meiner Woldseth bommar med kritikken.

Tvert om meiner han millioninvesteringa kan vera gull verdt for kommunen, sjølv om dei enno ikkje veit kva dei skal bruka eigedommane til.

– Det er ei god investering uansett. Dette gjer at vi kan få opp tempoet på politikk som er vedteke og som er knytt til uttynning av kommunale bustader i området, seier Ulstein.

Byutviklingsbyråden nærast klør i fingrane med å koma i gang med planlegginga av området like ved Laksevåg senter.

– Det er berre fantasien som set grenser for kva dette området kan nyttast til, seier Tryti.

Planane til byrådet må godkjennast av bystyret i Bergen.

Vågedalen på Laksevåg

FORFALLE: Leilegheitene har stått tomme sidan november 2017.

Foto: Mariann Gjerde / NRK